Vi har ikkje vunne over hatet

Det er ni år sidan 22. juli. Noreg er ikkje kvitt rasismens mørker.

Utøya ligg der framleis. Men kva har vi eigentleg lært på dei ni åra som har gått?
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Ved niårsminnet for terroraksjonane 22. juli står Noreg i ein svært grundig og ganske uforsonleg debatt om rasismen i samfunnet vårt: Er vi eigentleg eit rasistisk land?

Mange av oss med norskklingande namn, kvit hud og stamtavle frå Bygde-Noreg vil nok instinktivt svare nei på det spørsmålet. Klart det finst rasisme i Noreg, men stort sett er vel nordmenn greie folk. Er vi ikkje?

Så piplar historiene fram: Om mobbing og trakassering. Om vanskar med å bli kalla inn til jobbintervju eller hybelutleigarar som plutseleg ikkje hadde plass likevel. Om ei ungdomstid der ein blir stoppa av politiet – igjen og igjen. Plutseleg sprekk idyllen opp.

Det blir vanskelegare å forsvare at dette ikkje er systematisk. At det berre er tilfeldige enkelthendingar. At Noreg liksom skulle vere meir vaksinert mot rasisme enn andre samfunn.

Les også

Debatt: Nei, antirasismen har ikke gått for langt

For ni år sidan tok terroristen Anders Behring Breivik livet av 77 menneske. I bygder og byar, i Noreg og i utlandet, går det folk og saknar nokon som skulle vore der. Breivik gjorde det av ein grunn: Han ønskte eit samfunn bygd på nazismens verdiar.

AUF omfamnar dei eksakt motsette verdiane. Det var og er ein organisasjon bygd på idear om antirasisme. Kvinner og menn skal vere likestilte. Skeive og streite skal ha likeverdig plass i samfunnet. Jødar, kristne, muslimar, andre religiøse og ikkje-truande skal leve side om side.

Dette er framleis idear som er så farlege at nokon vil drepe for å kjempe mot dei.

I etterkant av 22. juli spora debatten fullstendig av. Dei aller, aller fleste av oss vil lett kunne ta avstand frå ein nazistisk ideologi som Philip Manshaus eller Anders Behring Breivik har operert etter.

Derfrå er det sjølvsagt lang avstand til den plumpe kvardagsrasismen mange møter. Men kanskje bestemte vi oss for at avstanden mellom dei to var så lang at vi berre måtte ta eit oppgjer med terroristane, og ikkje med kvardagsrasistane.

Breivik og Manshaus har styrt med eitt mål for auget: eit nazistisk Noreg. Dei fleste som utset andre for diskriminering og rasisme, vil nok tru at dei er gode antirasistar. Dei – eller vi – forstår ikkje konsekvensen av ord og handlingar.

Om arven etter 22. juli berre var å seie nei til nazistisk terror og ikkje ta eit oppgjer med all rasisme, kan PST ta jobben medan vi andre lever heilt som før. Det blir for enkelt.

Les også

Rekrutterer advarer mot diskriminering: – Kjenner mange som har byttet navn

Den største debatten etter 22. juli har ikkje handla om korleis vi skal få slutt på rasismen, men om kor viktig det er at minnesmerket ved Tyrifjorden helst bør vere usynleg for naboane.

Den største debatten etter Black lives matter-kampanjen har ikkje handla om korleis vi skal få slutt på rasismen, men om kor viktig det er at minnesmerka over fortidas rasistar får bli ståande.

Kvifor greier vi ikkje å få til ein antirasistisk debatt som faktisk gjev varige, systematiske endringar i Noreg? Handlar det om at vi trur for godt om vår eigen antirasisme? Eg trur det.

Frå hausten 2017 rista metoo-kampanjen godt i patriarkalske strukturar både ute og her heime. I starten handla kampanjen mykje om trakassering og uønskt seksuell merksemd i arbeidslivet og andre plassar der vanlege folk lever livet sitt. Så tok nokre få (men viktige) saker i kulturlivet og toppolitikken nesten all plass.

Metoo stoppa heldigvis ikkje der. Arbeidsplassar og organisasjonar fekk retningsliner for å handtere metoo-saker. Det blei oppretta eit lågterskeltilbod for å melde frå om seksuell trakassering, der slike saker blir handsama hos Diskrimineringsnemnda i staden for i domstolane. Arbeidsgjevarar har fått eit sterkare ansvar i likestillings- og diskrimineringslova.

Les også

Debatt: Vi har en ukultur i Fotball-Norge

Alt dette skjedde i tillegg til den enormt viktige synleggjeringa av problemet som metoo-kampanjen skapte. I sum ser vi eit bilete av ein kampanje som gav konkrete, systemiske endringar på arbeidsplassar, i lovverket, på studiestader og elles i samfunnet.

Det er snart tre år sidan Alyssa Milano tvitra «Om du er blitt seksuelt trakassert eller utsett for overgrep, svar ’me too’ på denne tweeten». Den verdsfemnande antirasismekampanjen vi no ser, vaks fram etter at George Floyd blei drepen av amerikansk politi 25. mai i år.

Likevel starta det systemiske arbeidet med spørsmål om seksuell trakassering nesten med éin gong metoo-bølgja trefte Noreg.

Kor mange verksemder eller organisasjonar har brukt dei to siste månadene på å få på plass retningsliner mot etnisk diskriminering og rasisme?

Kor mange har sendt ut medarbeidarundersøkingar for å avdekkje om dette er eit problem? Kor mange leiarar har vore på kurs for å leggje til rette for at medlemer, arbeidstakarar, studentar og alle andre skal sleppe å oppleve rasisme?

Det kan godt hende at resultatet av ein sommar med antirasistisk debatt i Noreg blir at vi ikkje gjer ei einaste endring i lovverket vårt. Sjansen er god for at så godt som ingen offentlege institusjonar går gjennom arbeidet og rutinane sine for å sjå om dei diskriminerer på bakgrunn av etnisitet.

I så fall har Noreg for andre gong på ti år spolert vår eigen sjanse til å ta eit oppgjer med rasismen i vårt samfunn.

Dei 77 offera etter 22. juli-terroren er borte for alltid. Dei fortener minnesmerke både i Oslo og ved Utøya. Men det viktigaste monumentet reiser vi i lag:

Eit Noreg som varig og systematisk går i retning bort frå rasismens mørker.

Publisert: