Dei 22. juli-overlevande fekk ikkje hjelpa dei skulle ha fått

Noreg har ein stor jobb å gjere for å lappe såret etter terroren.

Publisert: Publisert:
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.
Utøya i Tyrifjorden, AUFs eiga øy.
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Ti år etter terroren mot regjeringskvartalet og Utøya er det mange spørsmål som ikkje er løyst.

Kvifor blei debatten så hard og uforsonleg etter 22. juli? Kvifor florerer det med hatefulle ytringar på nettet? Kvifor lever rasismen, muslimhatet og Ap-konspirasjonsteoriane i beste velgåande?

I dagane før tiårsmarkeringa har Benjamin Hermansen-minnesmerket på Holmlia i Oslo blitt skjenna med påskrifta «Breivik hadde rett». Politiet pågreip nyleg tre menn som dei koplar til høgreekstreme miljø. Dei fann også store mengder våpen.

Høgreekstremisme ikkje er ein teoretisk idé, men ein konkret trugsel mot det frie samfunnet. Det viser også trugselvurderingane til PST.

Les også

Eskil Pedersen hadde rett. Me treng ytringsansvar.

Dette er store og vanskelege utfordringar som kanskje vil vare for alltid. Det må likevel ikkje skremme nokon frå å kjempe mot dei hatefulle ideane som fekk eit valdeleg utfall julidagen for ti år sidan.

Samstundes er oppgåvelista full av meir konkrete gjeremål for det norske samfunnet:

Regjeringskvartalet må bli bygd opp igjen. 22. juli-undervisninga i skulen må vere best mogeleg. Terrorberedskapen må bli forbetra. Noreg må bli betre på å fange opp radikaliserte i ein tidleg fase. Media må ta ein sjølvkritisk debatt om si eiga rolle etter terroren.

Noko av det mest nedslåande, er korleis mange av dei overlevande opplever å ha blitt svikta etter terroren. Aftenposten kunne nyleg presentere eit oversyn over dei 144 millionane kroner som gjekk til å følgje opp dei som overlevde.

Les også

– Jeg hadde nok ikke vært i fengsel, hvis jeg ikke hadde vært på Utøya.

188 kommunar fekk pengar. 102 kommunar har ikkje noko oversyn over korleis pengane blei brukt. Ti kommunar påstår dei ikkje fekk støtte, sjølv om Aftenposten har dokumentert at dei tok imot pengar.

Ei undersøking frå 2016 viste at berre halvparten av dei råka var nøgde med hjelpa dei fekk. Skilnaden var stor frå person til person og frå kommune til kommune.

Dette er menneske som for alltid vil bere med seg minne samfunnet rundt knapt kan fatte. Det er pinleg at Noreg ikkje har greidd å stille opp betre og meir systematisk for denne gruppa.

I respekt for dei overlevande bør kommunane ta på alvor at dei ikkje har stilt opp godt nok overalt. Så må dei ta lærdom av eigne feil og justere kursen.

Publisert: