Sjølvsagt er Ap i krise. Det har dei vore samanhengande sidan 2017.

På landsmøtet i 2015 takka Helga Pedersen for seg som Ap-nestleiar. Her er ho i samtale med partileiar Jonas Gahr Støre, som blei valt året før.

Ei ny bok kan gje svara Ap-leiinga ikkje vil ha.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Helga Pedersen stiller likevel ikkje til kampvotering om vervet som partisekretær i Ap. Det blei klart etter ein samtale med Støre som var akkurat så fortruleg som alle andre i Ap for tida: Idet røyret er lagt på, lek innhaldet ut like raskt som veljarane rømmer frå partiet.

Dermed brukte Pedersen like greitt 1. mai-talen sin til å slå fast at Arbeidarpartiet er i krise. Partileiar og statsminister Jonas Gahr Støre dementerte: Sjølvsagt er ikkje Ap i krise!

Ap har i år hatt målingar ned mot halvparten av det partisekretær Kjersti Stenseng har slått fast at er for dårleg: «Det går en grense på 30 prosent», sa ho til VG i 2018. Kva skal ein då meine om målingar på 15,5?

Eg veit om eit ord på fem bokstavar som startar på k og som skildrar dette nivået ganske godt.

Pedersen er ikkje nokon kven som helst. I 2005 var ho eit temmeleg ukjent namn som fersk fiskeriminister, men fekk raskt merksemd som fyrste norske statsråd i samekofte. Det var eit historisk skifte, kanskje meir historisk enn samtida fekk med seg.

Les hele saken med abonnement