Erna Solberg fekk heidersrolle i operette om aksjesnusk

Erna Solberg (H) dukka opp i Grieghallen laurdag kveld.

Bergensarane hylla henne.

Publisert: Publisert:

Fredag ettermiddag fekk eg høyre eit rykte på jobb: Under premieren på «Flaggermusen» skulle Erna Solberg (H) dukke opp på scena.

Solberg? I ein operette? Eg var mildt sagt spent då vi fann plassane våre i den stuvande fulle Grieghallen laurdag kveld.

Mindre blei ikkje forventningane då intrigane på scena vikla seg ut. I denne versjonen handlar det ikkje lenger om intrigar i wienersosieteten. Nei, no er utgangspunktet ein ektemann som driv med lyssky aksjehandel i Oslo og står i fare for å bli avslørt.

Høyrt om noko slikt før? Det trur eg Erna Solberg har òg.

Vi gjekk til pause. Framleis ingen Solberg. Eg kunne jo ha høyrt feil? For å seie det litt forsiktig: Det er ikkje alle rykte frå byens kunst- og kulturliv som når BT-redaksjonen og viser seg å halde vatn.

Les hele saken med abonnement