Arkitekturopprøret har kome til Bergen. Velkomen!

Jonsvollkvartalet i Bergen er klemt inn mellom vakre, eldre hus, og er eit brutalt døme på dårleg tilpassing.

Men her vil dei møte ein uventa motstandar.

Publisert: Publisert:

Arkitekturopprøret er ein gjeng snobbete nostalgikarar. Eller er dei kanskje vanlege folks talerøyr i møte med ein elite av arkitektar, utbyggjarar, byråkratar og politikarar?

Omtrent slik har debatten gått i land etter land dei siste par åra. Tysdag kveld kom denne rørsla for alvor til Bergen, i form av eit stappfullt folkemøte på Kvarteret.

I mine auge er det god grunn til å ønskje dei velkomen til Bergen.

  • Landets vakraste by har mykje vi bør ta vare på.
  • Det blir bygd for mykje stygt.
  • Det er betre om opprørarane organiserer seg.

Då må dei nemleg stå til ansvar for synet sitt. Til no har rørsla stort sett blitt driven fram av ein Instagram-konto som frontar meiningar litt i hytt og pine. Det er mange meiningar om det nye Griegkvartalet. Men skal ein respektere nabobygget, altså Grieghallen, er ikkje eit bygg i blautkakestil det beste.

Les hele saken med abonnement