Disneyland eller stille natur? Byfjellene er på veg mot eit vippepunkt.

Eg åtvarar deg: Denne teksten er surmaga.

Ulriksbanen er eit sår i landskapet. Like ille er det at den no er eit argument for vidare utbygging på Ulriken.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Nyleg opna siste del av Løvstien. Bergensarane elskar den. Det er ikkje så rart – dei kan gå tur med utsikt til verdas vakraste by.

I BA kunne byrådet nyleg gledestrålande fortelje at dei vil seie ja til uteservering med 250 nye plassar, ny bardisk og ei ny scene på toppen av Ulriken:

«Der kan vi danse, Chris Jørgen», ropte byutviklingsbyråd Christine Kahrs til sin partikollega Rødland.

På Fløyen kan fastbuande og turistar velje mellom kommunal gourmetrestaurant, sommarteater, møtelokale og mykje, mykje meir.

Både Fløibanen og Ulriksbanen har fått kraftig utvida kapasitet, slik at vi skal kunne nyte alt dette utan å måte streve oss opp til fots.

Skal vi tru byrådet, er dette berre starten. Dei vurderer å byggje lysmaster opp Fløysvingene, og vil leggje til rette for arrangement på Fløysletten innanfor både kultur, idrett og andre felt.

Dette er motorvegen til ein tristare by og kjipare byfjell.

For problemet er dette:

Kvar gong det kjem eit nytt tilbod i byfjella, jublar vi. Eg òg. Kven er mot at Fyllingsdalen teater skal spele «Hakkebakkeskogen» eller at det skal vere mogeleg å ta seg ein utepils på Ulriken? Ikkje eg.

Men vi diskuterer aldri summen av desse inngrepa.

For det er fint å sjå Bergensdalen frå Løvstien. Om du derimot står på Landås, er Løvstien mest som eit sår i fjellveggen på Løvstakken.

Ulriksbanen fekk høgare master og større gondolar. Dermed kjem det fleire cruiseturistar til toppen, og no vil driftsselskapet Ulriken643 ha eit område der dei kan vere, så dei ikkje trakkar ned naturen rundt, ifølgje BA.

Dei vil heldigvis bruke eit tak som allereie ligg der, så dei ikkje byggje på ny grunn. Men no blir eit område på Ulriken inngjerda med skjenkeløyve. Det er ei kommersialisering av Byfjellene vi ikkje treng.

Det same selskapet som bygde ein større bane og utvida restauranten er no uroa for at det kjem mange turistar til Ulriken som øydelegg naturen. Det ligg ein viss ironi i dette.

På Fløyen dukkar det opp stadig fleire tilbod, og mange av dei kostar pengar. Vi treng ikkje eit Disneyland på Fløyfjellet.

Tidlegare har Bergen kommune operert med eit prinsipp om arealnøytralitet. Det vil seie at dersom du skal byggje noko, må det skje på område som allereie er utbygd. Om det ikkje går, skal du restaurere like mykje natur som du øydelegg.

Dette er ei av dei viktigaste endringane med dagens byråd. Dei vil ha ei «ja-haldning» til byggjesaker og vidarefører ikkje prinsippet om arealnøytralitet. I staden for ein fast regel, vil dei «vurdere klima, natur og byreparasjon i alle saker».

Samstundes veit vi at naturen er under press. Den hadde fortent sterkare vern, men fekk i staden eit svakare. Når det er sagt: Det var førre byråd som godkjende både Løvstien og den nye Ulriksbanen.

Folkerestauranten og stasjonen på Fløyen i 2018.

Under pandemien opna den nye Ulriksbanen, der den høgaste masta er heile 47 meter. Det er berre fire meter mindre enn rådhuset.

«Det er som om Ulriken krymper litt under vekten av det nye anlegget», skreiv min forgjengar som kulturredaktør, Frode Bjerkestrand. Sjølv sat eg på ein hybel i Solheimsviken og såg ikkje heilt problemet. Fint med ny bane, vel?

No kan eg seie at eg tok feil og han hadde rett. Banen er for stor. For å sitere litt meir frå kollega Bjerkestrand:

«Anlegget ser ut til å være dimensjonert for internasjonal turisme, den som aktørene håper skal vende tilbake etter at pandemien er over. Det betyr blant annet et godt tilsig fra klodens mest klimafiendtlige reiselivsbransje: cruiseindustrien.»

Vi kan trygt slå fast at han fekk rett.

Les også

Les Frode Bjerkestrands kommentar fra 2021: Bergens mest berømte fjell har fått megamaster på seg. Det ser ikke særlig pent ut.

Ulriken i 2018, før den nye Ulriksbanen var bygd. På biletet ser du taket på Telenor-bygget, som no skal bli uteservering.

Over heile Vestlandet kjem dei krypande opp fjellsidene: Sherpatrapper, gondolbaner, skuterløyper, lysløyper, slalåmanlegg og hytteområde. Ved Vøringsfossen, Vettisfossen og Steinsdalsfossen har vi bygd utstikk og anlegg som gjer det mogeleg å sjå fossane frå alle mogelege vinklar.

Ingenting av dette kjem til å forsvinne igjen. Tvert imot, desse utbyggingane blir i seg sjølv argument for å byggje ut meir. Korleis skal det elles bli god økonomi i prosjekta?

Bergens nasjonalsong heiter «Udsigter fra Ulrikken». Den utsikta har blitt tristare denne våren.

Er det bygd for mykje i Byfjellene?

Publisert: