Eg trur Kode-sjefen blir sitjande

Fleire tilsette fortel at dei har mista tillit til Kode-direktør Petter Snare. Han har likevel ikkje tenkt å gå av.

Men då må han gjenvinne tilliten både over og under seg.

Publisert: Publisert:

På Kode finst det no minst to versjonar av sanninga om alle store spørsmål. Lat oss likevel byrje med noko veldig kvardagsleg.

Ei historie eg har fått høyre igjen og igjen, handlar om noko så enkelt som kaffikoppar. Den går, i litt ulike variantar, omtrent som dette:

Tidlegare hadde dei tilsette kvar sin kaffikopp på arbeidsplassen. Motiva kunne vere frå engelske fotballag, små oppmuntringar eller andre motiv folk likte å sjå rundt seg. Det var fram til Snare blei direktør. Då var det rett ut med koppane. No skulle alle ha like, blanke designkoppar.

Det blir gjerne understreka at koppane i seg sjølv er ganske uvesentlege, men at dei er ein del av eit større bilete av ein sjef som vil styre utan å lytte til dei tilsette. Eit bilete som denne veka fekk tittelen «Vi har ikkje tillit til direktøren eller styreleiaren» av fagforeiningane.

Kunstmusea Kode i Bergen er ramma av mange kriser på ein gong.

Les hele saken med abonnement