INP kunne blitt historisk

Bergensfigur Ann Jorun Hillersøy kan bli ny partileiar for INP i helga.

Men dei klarar ikkje å la vere å krangle.

Publisert: Publisert:

Det er leiarstrid i INP.

Høyrest det kjent ut?

Jo, det er berre nokre månader sidan førre leiar blei skvisa ut.

Denne helga skal partimedlemmene samle seg for å velje hans etterfølgjar. Og endå ein gong er det fullt kaos.

Minst to kandidatar står mot kvarandre.

Joar Nesse frå Bømlo er fungerande leiar. Ann Jorun Hillersøy frå Bergen er innstilt frå nominasjonskomiteen. I tillegg har du Irene Østerbø frå Alver, som kan erstatte Nesse.

Alle er frå Vestland fylke, utan at det hjelper. Frontane er steile, og landsmøtet blir skildra som heilt avgjerande.

Dei siste månadene har INP stupt på nasjonale målingar og forsvunne inn i maktkamp. Det kapittelet må dei no lukke. Viss ikkje vil heile partiprosjektet truleg implodere.

I januar gjekk Owe Ingemann Waltherzøe av som partileiar, melde seg ut og starta eit utfordrarparti til INP.

Det ville vore ein forspilt sjanse. INP verka å ha uvanleg gode føresetnader for å lukkast:

  • Ein sterk og stor organisasjon, med mange, etablerte lokallag. INP oppgir framleis å ha rundt 12.000 medlemmer.
  • Dei stilte til val i 138 kommunar i fjorårets lokalval, og kom inn i kommunestyre over heile landet.
  • Kjernesakene deira engasjerer og påverkar folk, og vil halde fram å gjere det. INP nærer seg på misnøye mot klimatiltak, vindkraftutbygging og nedbygging av oljesektoren. Alt dette er saker som er vanskelege for mange av dei etablerte partia.
  • I dei etablerte partia er det også fullt av skandaliserte politikarar. Tilliten til det politiske systemet har fått ein trøkk.
  • Veljarar er kanskje også meir i modus for å stemme på eit nytt parti. Dei er mindre politisk lojale enn kva dei brukte å vere. Mange er mindre positive til framtida. Dei opplever at livet blir verre, ikkje betre.

Alt dette talar for at INP kunne vore eit parti som klarte å bryte både lydmuren og sperregrensa.

Men så er dei altså nokre kranglefantar.

Intern uro er ei klassisk felle for nyetablerte parti. Og INP ser ikkje ut til å klare å la vere å gå i den.

Waltherzøe la aldri skjul på at hans ambisjon var å kome på Stortinget for INP. No representerer han endå eit nytt parti.

Ved inngangen av dette året flaug Industri- og næringspartiet høgt. Langt over sperregrensa.

I januar bikka dei 6 prosent på ei nasjonal måling. Langt større enn mange godt etablerte parti.

Så kom dramaet i slutten av januar, med mistillit mot grunnleggjar og frontfigur Owe Ingemann Waltherzøe, som så forlèt partiet og stifta eit nytt industriparti.

Vakuumet som oppstod etterpå, er blitt fylt av meir krangling.

Konfliktane ser ut til å handle overraskande lite om politikk. Det har vore saker om høgrevriding, innvandringsskepsis og anna. Men det verkar likevel ikkje å vere hovudproblemet for INP.

Les hele saken med abonnement