Ja, Emilie Enger-Mehl bør kalle pride-skytinga for terror

Justisminister Emilie Enger-Mehl (Sp) har førebels ikkje omtalt pride-skytinga i 2022 som «terror».

Vi kan ikkje miste språket vårt til rettsvesenet.

Publisert: Publisert:

Er Zaniar Matapour terrorist? Det er spørsmålet Oslo tingrett for tida prøver å finne ut av. Pride-skytinga 25. juni 2022 vil bli oppfatta annleis om rettsvesenet dømer han for «grov terrorhandling».

For mange er spørsmålet enkelt: Dette var eit åtak som skapte – og skaper – frykt i samfunnet, særleg i skeive miljø. Då er det terror.

Rettsvesenet har ei vanskelegare oppgåve framfor seg: Dei skal finne det sannsynleg at denne fryktkjensla var sjølve meininga med terroren.

Ein av dei som så langt ikkje har villa bruke ordet «terror», er justis- og beredskapsminister Emilie Enger-Mehl (Sp).

Synst du Emilie Enger-Mehl bør kalle pride-skytinga «terror»?

Eg har tidlegare meint at ho har rett. Justisministeren har ansvaret for rettsvesenet. Om ho konkluderer i ei slik sak, ville det kunne bli opplevd som eit press mot domstolane. Dei skal vere frie og uavhengige.

Les hele saken med abonnement