Arven etter Aarebrot

Det kjem aldri nokon ny Frank Aarebrot. Det er heilt greitt.

FRANK AAREBROT: Fem prosent av forskarane står for femti prosent av formidlinga. Det er aarebrotane som dreg opp snittet, skriv kommentator Jens Kihl.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

I kveld held Universitetet i Bergen den fyrste Aarebrot-førelesinga. Ho skal etter planen bli ei årleg minnetilskiping til ære for den avdøde professoren. I 200 minutt skal professor Bernt Hagtvet førelese under tittelen «Kommer fascismen tilbake?», og heile stasen blir sendt på NRK2 same kveld. Meininga er å heidre ein av dei aller mest ihuga formidlarane Bergen, Vestlandet og Noreg nokon sinne har sett: Han var forteljarglede på boks.

Så, korleis står det eigentleg til med nettopp forskingsformidlinga etter Aarebrot? Alle journalistar har eigne anekdotar å byggje på her: Du skal skrive om eit eller anna fagfelt og slår på tråden til forskaren du tippar kan mest om temaet.

I andre enden møter du ei venleg røyst, men stemninga snur når det blir snakk om eit intervju. Nei takk, det er visst ikkje så interessant å stille opp på. «Det blir så lett unøyaktig» får du høyre frå ei som tydelegvis har anna å gjere enn å hjelpe ordskiftet over i meir faktabasert lei.

Les også

Holder forelesning om fascisme til minne om Frank Aarebrot

Kan verkeleg ein forskar seie dette? Nei, det er ikkje greitt. Forskinga er ikkje berre til for eit snevert fagmiljø, men for oss alle. Over statsbudsjettet er det vi skattebetalarar som finansierer det meste av forskinga her til lands. Om du er så privilegert at du får arbeide som akademikar, bør du vere veldig klar over at du har fem millionar arbeidsgjevarar.

Samstundes: Eg har respekt for at ein klimaforskar har andre ting å fylle livet med enn å krangle med klimafornektarar på Facebook kvar kveld. Ernæringsfysiologen har heller ikkje plikt til å hjelpe ein sensasjonslysten og uinformert journalist tre minutt før ho skal førelese.

Men det nyttar ikkje med anekdotar når vi snakkar om forsking. Tre av dei som har sett nærare på korleis forskarane tenkjer om å vere i media, er Benedicte Carlsen, Ingrid Birce Müftüoglu og Hanne Riese ved Universitetet i Bergen og NORCE (tidlegare Rokkansenteret).

I ei spørjeundersøking frå 2014 gjorde dei fleire interessante funn: Så godt som alle forskarane dei spurde meiner det er viktig å stille opp i media. Dei færraste meiner det går ut over tida dei skulle ha brukt på andre arbeidsoppgåver. Og dei aller fleste hadde positive erfaringar med å stille opp.

Les også

Fanken, Franken

Dette bryt med inntrykket av at forskarar helst ikkje vil vere i media. Kan vi friskmelde norske akademikarar frå denne sjølvpåførte teiesjuka? Ikkje heilt. For ifølgje undersøkinga står fem prosent av forskarane for over halvparten av intervjua. Og ein del forskarar er i praksis aldri sitert i media. Dei står i formidlingsskuggen. Med andre ord finst det ein gjeng formidlingsentusiastar der ute som dreg opp snittet kraftig: Aarebrotane tek ein for laget.

Likevel står ikkje det heilt gale til med formidlinga – men det kan bli betre. Så kva kan Noreg gjere for at dei beste blant oss skal ause av kunnskapen sin?

I dag er dei fleste vitskaplege stillingar bygd opp med brøkar for undervisning, forsking og administrasjon, men det er ikkje sett av tid til formidling. Og den biten av arbeidet som handlar om å dele kunnskap er heller ikkje retta inn mot folk flest.

Det såkalla teljekantsystemet i akademia premierer formidling i vitskaplege tidsskrift, helst på engelsk. Ei bok meint for deg og meg om reformasjonen, om andre verdskrigen eller om Noreg etter 1814 gjev null poeng i dette systemet – men er kanskje vel så viktig for samfunnet.

Det same gjeld ein aviskronikk eller å stille opp for sogelaget i ei bygd. Her må ein stole på at forskarane ser det som ein del av akademias samfunnsoppdrag, sjølv når det konkurrerer med andre viktige oppgåver. Heldigvis gjer dei ofte det.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Forskere fra mars

Det finst insentiv i dag òg, som formidlingsprisar og arrangementet Forsker Grand Prix. Problemet er at desse tiltaka gjerne premierer dei aller fremste, sjølve aarebrotane. Desse er allereie knallgode.

Og dersom du aldri er i media, er det lite å lære av desse aller mest spektakulære formidlarane. Du må lære deg å plukke opp telefonen nokre gongar i året. Det vi må gjere, er å få dei tause forskarane til å opne kjeften.

Dei tause forskarane sit sannsynlegvis langs same korridor som forskarar med stor formidlingslyst. Det kan tyde på at det ikkje er strukturelle endringar som endra arbeidstidsfordeling eller nytt teljekantsystem som er aller viktigast. Om éin islamforskar gjerne stiller til debatt og ho på nabokontoret aldri gjer det, er det ikkje meir tid eller fleire pengar for alle som trengst.

Dei må forstå at dei trengst i ordskiftet, og dei bør få hjelp frå sjefane sine til å bli trygge på å stille opp. I postfakta-samfunnet har vi ikkje råd til at nokre få forskarar ber børa for resten. Alle stemmer trengst. Og dei tause forskarane treng ikkje sikte mot Aarebrot-høgder for å vere gode nok.

Publisert: