Klem ein ekspert

No må vi slå ring rundt mektige byråkratar, forskareliten og grå eminensar med kalkulatorar innanfor Ring 3.

Skjermdump frå NRK
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

«Jeg føler konseptet med dørgende kjedelige akademikere i forutsigbare ordskifter på TV allerede er utprøvd.»

Slik svarte Debatten-programleiar Fredrik Solvang då Dagbladet konfronterte han med kritikken mot at Charter-Svein og Lothepus, altså Svein Østvik og Leif Einar Lothe, fekk plass i tysdagens program.

Solvang er ikkje åleine. Du har garantert høyrt ein politikar hamre inn bodskapet dei siste åra: No må politikarane lytte meir til vanlege folk og mindre til ekspertveldet.

Les også

Podkast: – Det er ingen som tar abort i veke 22 fordi dei er lei av å vere gravid

Aps stortingsrepresentant Cecilie Myrseth frå Troms var nyleg i Politisk kvarter på NRK for å debattere Nord-Noreg-banen. Transportøkonom Morten Welde ved NTNU meinte den vil vere svært ulønsam. Men Myrseth hadde eit svar:

«Skulle ein høyrt på sånt ekspertvelde som det her, som berre bruker kalkulator, så hadde ikkje Noreg blitt bygd. Då hadde vi køyrt med hest og kjerre på grusvegar framleis», var svaret frå Arbeidarpartiet.

Stortingsrepresentantane Jon Helgheim og Sylvi Listhaug er to av dei Frp-arane som har vore kritiske til forsking.

Sp-leiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum og Frp-arar som Sylvi Listhaug og Jon Helgheim har proklamert at vi bør lytte mindre til forskarar og ekspertar av ulikt slag.

Dei er ikkje utan poeng. Noreg skal ha eit folkestyre, ikkje eit ekspertstyre. Utgreiingar og forsking bør vere grunnlaget for politiske vedtak, ikkje erstatte dei.

Og for å ta dømet med Nord-Noreg-banen: Ingen kalkulator bør avgjere om den skal bli bygd. Det er det politikarar som skal gjere – og sånn er det heldigvis også.

Les også

Jens Kihl: Endeleg har KrF funne seg ei ny, god taparsak

Likevel kan det vere på tide å lansere kampanjen «klem ein ekspert». For plutseleg har «fagfolk» blitt til «ekspertvelde» og «den akademiske eliten», og då er det på tide å trekkje i bremsen.

Utdanningsrevolusjonen er ei av dei viktigaste endringane i det norske samfunnet dei siste hundre åra. Noreg bygde det nye samfunnet stein på stein med landsgymnas, distriktshøgskular, Lånekassa og alt det andre.

Resultatet er at arbeidarklassens barn kan få både ein god skule og høgare utdanning. Den sosiale mobiliteten er ikkje god nok. Men den er heller ikkje fråverande, slik nokon prøver å teikne eit bilete av no.

Faksimile frå Klassekampen 12. juli 2016.

Men no har noko skjedd: Tidlegare var det eit adelsteikn for Noreg at dottera til hjelpepleiaren og bilmekanikaren kunne bli lege, ingeniør eller jurist. No trer ho i staden inn i «ekspertveldet».

Dette er problematisk. Når vi som samfunn skal ta stilling til krevjande spørsmål om klima, samferdsle eller helse, treng vi sjølvsagt eit best mogleg fagleg grunnlag. Sjølv om det kjem frå «dørgende kjedelige akademikere».

Vi må gjerne argumentere mot perspektiva frå fagfolka. Men alle bør halde seg for gode til å argumentere mot at vi i det heile har fagfolk.

Les også

Ny BT-podkast forteller historiene bak nyhetene

Noreg er kjenneteikna av at folket stoler på ekspertar og elite – og at dei i sin tur veit at dei er på jobb for folket. Samanlikna med dei fleste andre land er denne vertikale tilliten høg i Noreg.

Når «vanlege folk», «folk flest» eller «arbeidsfolk i heile Noreg» røystar på Støre, Listhaug og Vedum, er det eit uttrykk for ein slik tillit.

Dei tre er representantar for eliten – og det er det ingenting feil med. Dei har heile livet hatt godt betalte jobbar i pr, akademia, embetsverk og politikk. Det er heilt greitt.

I retur får folk politikk dei er godt nøgde med. Dei blir lytta til. Det er dette som er modellen for folk og elite i Noreg, og sånn har vi hatt det lenge.

Les også

Debatt: Som gravid er man aldri alene

Ved å stole på fagfolk, altså ekspertveldet med kalkulator, har vi bygd Bergensbanen, funne olje, fylt pensjonsfondet og laga likestillingspolitikken.

Ikkje fordi eliten fekk gå på sjølvstyr, men fordi dei var med å leggje grunnlaget for gode vedtak for land og folk.

Då Nei til EU hadde nesten 150.000 medlemer under EU-kampen i 1994, var det med informatikkprofessoren Kristen Nygaard som leiar. Det blei sjølvsagt brukt mot han, men vi kjenner fasiten: Nei til EU fekk folkefleirtalet på si side.

Nei til EU-leiar Kristen Nygaard var informatikkprofessoren som blei folketalar. Her er han på Lofthus i 1992 i samband med Ap-møtet der statsminister Gro Harlem Brundtland skulle avsløre kva side ho stod på i EU-saka.

I landsmøtetalen året etter, tok Nygaard opp dette poenget: «En ting var iallfall Ja-media stort sett enige om: Det måtte være vanskelig for Nei til EU å ha en leder som så fullstendig manglet evnen til å få kontakt med alminnelige mennesker», sa han.

Svaret på korleis han likevel kunne bli ein folketalar, låg ifølgje professoren frå Oslo ein heilt annan plass:

«Jeg har hittil i mitt liv, tydeligvis i motsetning til visse andre, aldri møtt et ’alminnelig’ menneske.»

Om eliten har eit sånt syn på samfunnet, er vi truleg godt berga. Då bør folket også kunne vise tillit tilbake. For vi treng folk som meistrar både mjølkemaskina og reknemaskina.

Publisert: