På leiting etter svar som finst

Det finst mykje mellom himmel og jord som Alternativmessa har feil svar på.

SLUKAR ANTI-VITSKAP: – Dei som går djupt inn i det alternative har eit grunnleggjande skeptisk syn på vitskap. Det treng ikkje vere eit problem i seg sjølv. Men dei same folka slukar anti-vitskap rått, skriv Morten Myksvoll.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

I helga vart den årlege Alternativmessa halden i Bergen. Då eg vitja den fredag ettermiddag, stod køen ut av hotellet.

Etter at inngangsbilletten var betalt, sat pengane endå lausare enn det vitskaplege grunnlaget.

Her finn du folk som påstår dei er synske, som seier dei har vore i himmelen og som kan snakke med englar. Du kan få lest horoskopet ditt, du kan kjøpe magiske krystallar og du kan lære om lykketal.

Du vert òg fortalt at mobiltelefonar, trådlause nettverk og straummålarar er farlege. Boden som åtvara mot dette stod innan rekkevidda til tre trådlause nettverk.

Les også

Hun var jordmor på Kvinneklinikken, han var førsteamanuensis i fysikk. Nå er de healere og sjamaner.

Så vil du bli møtt av ei lang rekkje seljarar. Det er mykje pengar i alternativ medisin. Noko av det får folk til å føle seg betre – og det er jo fint.

Her får du «klarsynt rettleiing» til 400 kroner. Handanalyse til 500 kroner. Du kan få ein 14 siders rapport om «chakraen» din – til 400 kroner. Lurar på du korleis auraen din ser ut, kan då få eit foto av den til 500 kroner. Biletet ser ut som om eit vanleg varmekamera har tatt det.

Men alternativ medisin er alternativ, nettopp fordi det ikkje finst ein dokumentert effekt. At folk føler seg betre betyr ikkje at dei er blitt betre.

At folk brukar pengar på ting dei trur på, er likevel ikkje eit problem. Det må folk få gjere som dei vil med. Så lenge ein driv på med det alternative som eit tillegg til skikkeleg behandling, er det sjeldan eit problem.

Les også

BTs leiar: Statleg støtte til kurs i alternativ behandling er ein dårleg idè.

Problemet oppstår når seljarane påstår at alternativ medisin kan gjere deg frisk – og dei finst det ein del av på Alternativmessa. Då er det lett å bli sint.

Eg slit med dårleg rygg, og der var tilboda mange. Gjennom «kraniosakrale» teknikkar kunne ei bod «justere skeivheiter i kroppen». Prisen var 250 kroner. For 4900 kroner kunne eg kjøpe ei glorifisert lommelykt, som skulle gi kroppen min energi.

Teorien bak er at lyset stimulerer «meridianane» i kroppen, som er skjulte kanalar der energien vår strøymer gjennom. Det skal hjelpe mot allergi, betennelse, stiv nakke, oksygenopptak og mykje meir.

Det einaste problemet er at desse kanalane ikkje er påvist.

Ei anna bod tilbydde meditasjon for å bli kvitt plagene. Alt frå traume til muskelsmerter kunne dei kurere – sjølvsagt utan noko dokumentert effekt.

Då hadde dei ikkje stått på messa på Bryggen, men jobba på Haukeland sjukehus.

Slike metodar kan lure folk til ikkje å oppsøkje profesjonell hjelp. Fram til kvakksalvarlova vart oppheva i 2004 hadde befolkninga eit sterkt vern mot dette lureriet.

No ser det ut til å vere fritt fram med dei mest vanvettige teoriane. Felles for dei alle, er at dei set vitskapen til side.

HEALING: Hadde behandlinga hatt dokumentert effekt, ville seljarane jobba på Haukeland sjukehus, og ikkje stått på messa på Bryggen, skriv Morten Myksvoll.

Konspirasjonsteoriar er òg eit verktøy for å undergrave tilliten som finst i samfunnet. Går du på messa vil folk fortelje deg at maten du et er farleg, fordi det er brukt tilsetjingsstoff og sprøytemiddel. Her finn du folk som trur at hemmelege styresmakter forgiftar befolkninga gjennom kondensstripene på fly.

Ein konspirasjonsteori kjem sjeldan åleine. Trur du på ein uskuldig teori, som at jorda er flat (den er ikkje det, altså), så er du truande til å tru på andre ting òg. Som at vaksinar er skadelege, og at styresmaktene prøver å skjule sanninga.

Har ein først byrja å tru på at styresmaktene er ute etter oss, er vegen kort til andre og endå meir alvorlege teoriar. Det ville krevd omfattande ressursar å halde slike hemmelegheiter skjult. Diverre endar fleire av teoriane opp med reinspikka antisemittisme – at det er jødane som står bak.

Slike påstandar er livsfarlege.

Les også

Han er en av verdens rikeste menn, og har gitt vekk 32 milliarder. Nå beskyldes George Soros for å stå bak en flyktningstrøm mot USA.

Dei som går djupt inn i det alternative har eit grunnleggjande skeptisk syn på vitskap. Det treng ikkje vere eit problem i seg sjølv. Men dei same folka slukar anti-vitskap rått.

Trur ein at jorda er flat, må det sjekkast. Det vitskapelege vil vere å la konklusjonen følgje av dei funna ein gjer. Det anti-vitskapelege vil vere å velje vekk alt som strir med hypotesen.

«Flat jord»-teorien er artig og ufarleg. Men den tankegangen som fører til at ein trur på slike teoriar, er ikkje like triviell.

Det handlar om ei grunnleggjande mistru til alt som finst av påviste sanningar. Realiteten er at forskinga har svar på svært mykje mellom himmel og jord.

I eit debattinnlegg i BT tidlegare i førre veke, prøver Henning Jon Grini å setje denne skepsisen inn i ein historisk samanheng. Han skriv at «nesten alle vi som lever i dag hadde blitt fengslet, drept, ydmyket eller latterliggjort om vi hadde levd i middelalderen».

Det kan stemme, men det legitimerer ikkje uvitskapleg «skepsis».

Den kunnskapen me baserer oss på no, er nemleg beviseleg. Den er ikkje basert på tru, slik dei (relativt få) som i mellomalderen trudde at jorda var flat.

Les også

Klare for å teste ny kreftmedisin

Tankefeilen oppstår når ein trur at vitskap er éin fast masse av meiningar, som ikkje tilpassar seg ny kunnskap. Det stemmer ikkje.

Vitskapen skal gjere to ting. Det første er å finne ut av ting me veit at me ikkje veit nok om. Men vitskapen skal òg vere skeptisk til etablerte sanningar, og heile tida utfordre seg sjølv og den etablerte kunnskapen.

Der har forskinga og dei alternative gründerane eit likskapstrekk. Men når vitskapen jobbar, må ein vere systematisk og fordomslaus, samt følgje ein streng etikk.

Difor sjekkar forskarane om vaksinar kan vere farlege. Konklusjonen er at dei ikkje er det. Tvert imot har dei redda millionar av liv. Vitskapsfolk sjekkar om maten i butikken er trygg å ete, om CO₂ skadar klimaet eller om medisin eller behandlingsmåtar har effekt.

Og så tar me kunnskapen i bruk. Det er ei sunn skepsis.

Frøy Gudbrandsen deler hver uke sine tanker om det som skjer i politikken og tipser om aktuelle kommentarer. Meld deg på nyhetsbrevet her!

Publisert: