500 års einsemd

Fem hundre år med evangelisk-luthersk statskyrke har enda i eit av verdas mest sekulariserte og individualistiske samfunn. No kan det bli kvar kvinne for seg.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Reformasjonen frigjorde ikkje individet. Det som stod att, var eit einsamt individ, som ikkje hadde sjanse til å stå imot ein stadig sterkare stat.

Slik oppsummerer Frank Aarebrot og Kjetil Evjen ei av vrangsidene av arven etter Martin Luther i boka "Reformasjonen. Den store historien".

  • Asbjørn Kristoffersen

Dei tidlegare statskyrkjene synest å vera ekstra sårbare for sviktande oppslutning og marginalisering, utan at staten har gjeve slepp på rolla som livsynsmessig rettleiar og overkikador.

– Du skal sjå på staten som din ven, sa tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland (Ap). I mange andre land ville truleg veljarar rulla på golvet i krampelått over eit slikt utsegn.

Staten tek, staten gjev, og i etter-protestantisk kultur lit borgarane framleis på staten, om Gud ikkje lenger er attåt.

Martin Luthers lære tilsa at mennesket stod åleine framføre Gud, og at tru var det einaste avgjerande. Berre tru, den rette tru, ikkje almisser og velgjerningar.

Mirakel og helgenar vart fordrivne, kyrkjene skulle reinsast for katolsk pomp og prakt. Rituale og seremoniar fekk mindre rom. Staten overtok styringa med hopehavet mellom Gud og menneske.

Reformasjonen medførde ei "avfortrylling", sier den akta tyske sosiologen, Max Weber. Mykje andeleg fellesskap, mystikk og mysterier vart helte ut med det lutherske badevatnet.

Les også

GATEPRESTEN FRA BERGEN: Viet som ny biskop i Oslo.

Ifølgje Frank Aarebrot og Kjetil Evjen har reformasjonen også vore ein katalysator for glansbiletesida av den historiske utviklinga i dei protestantiske landa i Nord-Europa, "utan å vera eit direkte årsakstilhøve": Desse landa er no blant verdas rikaste og mest velfungerande velferdsstatar.

Attpå til står dei høgt på meiningsmålte lukkeindeksar. Det må seiast å vera ein historisk suksess, sjølv med lassevis av atterhald og mørke sider.

Den amerikanske sosiologen Robert Woodberry er endå meir overtydd om samanhengen mellom protestantisme og materiell og demokratisk framgang.

Han har granska effekten av protestantisk misjon i ei lang rekkje land, og samanlikna dei protestantiske misjonsmarkene med tilstøytande område, utan misjonsinnsats, og med ei svært lang rekkje variablar.

Forskaren konkluderer med at det er ein klar samanheng mellom protestantisk misjon og demokratisering, utdanningsnivå, helsetilbod og kvinners rettar. Arbeidet hans er innteke i det prestisjetunge tidsskriftet American Political Science Review, og kan dermed vanskeleg seiast ikkje å halda vitskaplege mål.

REFORMATOREN: Martin Luthers lære tilsa at mennesket stod åleine framføre Gud, og at tru var det einaste avgjerande. Berre tru, den rette tru, ikkje almisser og velgjerningar.

Den protestantiske misjonsverksemda er eit resultat av pietismen, ei religiøs vekking som slo gjennom på 1700-talet. På den tida var reformasjonens statsmakt ytterlegare styrka.

Med statskyrkja som verktøy, vart eineveldet i Danmark-Noreg innført i 1660. "Kongen av Guds nåde" styrte Noreg på vegne av Gud inntil 1814.

Men i pakt med den lutherske læra, kunne pietistar våga seg til å stå opp mot den "guddommelege" kongemakta, som den første frigjeringsrørsla på ideologisk grunnlag i etterreformatorisk tid. Og på pietistars skuldre kunne seinare bondeopprørarar og arbeidaropprørarar stilla seg.

Les også

KOMMENTAR: En muslim som statsminister.

I Noreg stod Hans Nielsen Hauge i brodden for det pietistiske gjennombrotet. Som lekpredikant nekta han å bøya seg for statskyrkjeprestane sin lovregulerte einerett til å forkynna Guds ord. Som drivande forretningsmann og industribyggjar utfordra han det borgarlege privilegiesamfunnet, i god protestantisk and.

I hans følgje fekk dessutan kvinner sjølvstendige forkynnarroller alt tidleg på 1800-talet, lenge før borgarskapets kvinnefrigjeringkamp kom i gang. Særleg gjennom misjonsarbeidet fekk kvinner i dei lågare samfunnsklassar organisasjonserfaring og sjølvstendig avgjerdsmakt.

Dei folkelege sjølvstenderørslene medførte ei desentralisering av statsmakta, men samtidig vart statens handlingsrom forsterka.

Frank Aarebrot og Kjetil Evjen viser til at på 1900-talet arva sekulære rørsler dei svært einskaplege, protestantiske statane. I Skandinavia var det arbeidarrørsla som overtok makta, med eit sterkt likskapsideal, ein solid organisasjonskultur og statsinntekter som gjorde det mogleg å utvikla moderne velferdsstater.

Les også

25 ÅR SIDEN: Natten da «Greven» satte fyr på Åsane kirke.

Samanhengen med demokratiseringa og reformasjonen er i aller høgaste grad til stades i Skandinavia, seier dei to forfattarane.

Men ein sterk stat er ikkje alltid ei velsigning, føyer dei til: Utan arven frå det strengt pietistiske, prøyssiske eineveldet, er det vanskeleg å forstå den totalitære ettpartistaten som Hitler skapte, men også den første verdskrigen.

Fascismen i det katolske Italia og Spania var aldri i nærleiken av å oppnå den grad av samfunnskontroll som ein fann i det nazistiske Tyskland, seier dei.

FORFATTAREN:  I Det norske Arbeidarpartiet var det opphaveleg sterke anti-kristne krefter. Men Frank Aarebrot og Kjetil Evjen peikar på at ein nordnorsk prest vart partiets første stortingsrepresentant.

I Det norske Arbeidarpartiet var det opphaveleg sterke anti-kristne krefter. Men Frank Aarebrot og Kjetil Evjen peikar på at ein nordnorsk prest vart partiets første stortingsrepresentant.

I arbeidarrørslene i protestantiske land har det alltid vore framståande, kristne pådrivarar, særleg med basis i frikyrkjelege forsamlingar, som metodistane i Storbritannia.

Det norske Arbeidarpartiet forsonte seg etter kvart med statskyrkja, og valte å bruka henne som eit bolverk mot meir fundamentalistiske, kristne rørsler.

Folkeleg religiøsitet har sterke røter. Jamvel dei anti-kristne despotane Hitler og Stalin måtte gje rom for kristendommen då krigen krov dei største offera.

Stalin frigav fengsla prestar for å velsigna soldatane, Hitler tydde til "Gott mit uns" på soldatars beltespenne.

I sosialistiske og kommunistiske arbeidarrørsler vart det i fleire tilfelle innført ateistiske riter og rituale til erstatning for dei religiøse seremoniane. I land der kommunismen vann statsmakta, tok statleg organisert ateisme og religiøs undertrykking over.

Les også

ÅRET SOM GIKK: Disse artiklene ble mest lest i 2017.

Den folkelege religiøsiteten er no på vikande front i tidlegare protestantiske land. Det kan ha samanheng med auka velstand og tryggare levekår.

Men det skjer også i ei tid med forsterka kommersialisme og svekka, folkelege fellesskap. Det skjer samtidig som arbeidslivet blir meir fragmentert. Familiar går oftare i oppløysing. Somme opplever også at samfunnstryggleiken går i oppløysing.

Politiske parti taper oppslutning, organisasjonar og lag blir meir avhengige av statleg finansiering og statleg ideologisk og moralsk overstyring.

Den tidlegare statskyrkja er ekstra utsett i tilpassinga til moderne politiske og sekulære strøymingar. Det kyrkja har tapt som andeleg makt i samfunnet, kan ho ha vunne som miskunnsam samaritan, slik Frank Aarebrot og Kjetil Evjen uttrykkjer det.

Men om kyrkja ikkje også kan møta religiøse behov, blir det ikkje mykje att av arven etter reformasjonen. Dei behova er det framleis marknad for. Det har ikkje minst innvandringa frå mindre sekulariserte og individualiserte land vist.

Den sterke, norske statsmakta kan også bli svekka utan tilflyt frå den tradisjonelle, identitetsskapande, protestantiske arven.

Kvar kvinne for seg er eit krevjande livsprosjekt. Men det krev ikkje noko fellesskap. Det krev ikkje plass på noko statsbudsjett.

Publisert: