Å redde distrikta handlar om å redde norsk økonomi

Byfolk er meir avhengig av distrikta enn dei kanskje trur.

Frå eit arkitektteikna hus på vakre Mjømna styrer Njål og Linn Dyveke Wilberg eit internasjonalt IT-selskap, som har laga teknologien bak Fabel og ei rekke europeiske lydbok-tenester. Å få fleire til å busetje seg i distrikta bør ikkje vere så vanskeleg, men det krev at regjeringa satsar på tenester og kommunikasjon, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Som den bygdisen eg djupast sett er, vil eg at distrikta skal blomstre. Bygdene ligg der, like vakre som før. Men dei som bur der blir stadig færre, og eldre.

Kva så? Flyttinga frå bygd til by har gått så lenge at det står fram som ei naturlov.

Vel, problemet er at Noreg er meir avhengig av distrikta enn mange byfolk trur: 70 prosent av landets eksportinntekter utanom oljen kjem frå dei fire distriktsnæringane maritim (verft osv.), prosessindustri, sjømat og reiseliv.

Det kan du lese i NOU 2020:12, ei av dei to distriktsmeldingane regjeringa har fått overlevert dei siste vekene.

Distriktsopprøret som har løfta Senterpartiet til nye høgder, er difor ikkje eit krav om almisser frå by til bygd. Byfolk bør sjå det som hjelp til sjølvhjelp, eller om du vil: at distrikta skal få litt meir att for at dei reddar ræva til AS Noreg.

Her har det nemnde utvalet (Brandtzæg-utvalet) ei glimrande løysing: La kommunane behalde meir av verdiane som blir skapt lokalt.

Langs heile kysten er skipsverft og andre næringar langt på veg no avhengige av Aust-Europeiske framandarbeidarar for å få hjula til å gå rundt.
Les også

BT-leiar: Gje Oslo ei hjelpande hand

Solberg-regjeringa skal ha for at dei har sett distriktsopprøret i gang. For distrikta mangla ein klar fiende, noko dei kunne peike på som årsak til si eiga misere.

Regjeringas mange reformer har vore godt eigna, sjølv om problema til norske distrikt i all hovudsak skuldast andre og meir langvarige utviklingstrekk. Som Norman-utvalet peikar på, har bygdene vore ei fødemaskin for byane sidan 1500-talet.

Problema til reformene er at dei i stor grad angrip offentlege kompetansearbeidsplassar i distrikta, og dermed forsterkar utviklinga.

Alle desse jobbane forsvinn ikkje over natta, men samanslåing av kommunar, regionar, politi, domstolar og høgskular, og sentralisering av skatteinnkrevjinga skaper alle eit potensial for innsparingar i framtida.

For distrikta er slike jobbar gull verdt, fordi dei gjer det lettare å tiltrekke høgt utdanna òg til jobbar i privat næringsliv. Eit par er som regel avhengig av at der finst jobb til partnaren òg, og høgt utdanna har ein tendens til å gifte seg med kvarandre.

Likevel er det rimeleg meiningslaust å behalde byråkratjobbar som ikkje trengst, som eit sysselsetjingstiltak. Men det gjeld òg den stadig svulmande sentraladministrasjonen i Oslo. Eg ville byrja der.

Det kunne jo òg dempa pressproblema i hovudstaden.

Noreg vil framover trengje alle dei eksportinntektene landet kan få. At problema i distrikta no endeleg blir tatt på alvor er difor godt nytt.

Det store spørsmålet er kva som kan gjerast for å bremse fråflyttinga, eller «uttynninga» som det no heiter (fordi utviklinga går så sakte).

Båe dei to utvala foreslår å plassere statelege arbeidsplassar meir i distrikta. Dei legg òg vekt på kor viktig det er å ha høgare utdanningsinstitusjonar der, både for å vere nær næringane og fordi det aukar sjansen for at studentane blir verande i området.

Les også

Distrikta treng vekst, ikkje vissvass

Eit interessant poeng Norman-utvalet peikar på, er at distriktshøgskulane kan gje byungdom «rural erfaring». Distrikta er framover avhengig av å lokke til seg byungdom, for dei klarer ikkje lenger å reprodusere seg sjølve.

Så mange unge har flytta til byen dei siste 20 åra, at det ikkje lenger blir fødd nok barn. Det held altså ikkje lenger berre å halde på eigne ungdommar. Skal nedgangen staggast må distrikta i tillegg få byungdom til å flytte ut.

Det blir ikkje enkelt. Norman-utvalet åtvarar mot at distrikta prøver å etterape bylivet. Dei meiner at ein heller bør prøve å tiltrekke seg folk som vil ha eit anna liv.

Når stadig fleire i byane må bu i triste bustadfelt langt frå bysentrum, fordi prisane der er for høge, bør ikkje dette vere umogeleg. Eit fantastisk hus med fantastisk utsikt, frisk luft og fridom for ungane bør vere attraktivt for mange.

Men for å få folk til å flytte ut, eller heim, er det ikkje nok med eit flott hus. Det må i tillegg vere jobb til båe foreldre, det bør vere nok folk på staden til eit godt sosialt liv, og det må vere skule, butikk og andre tilbod.

I tillegg må det vere enkelt og billig å kome seg ut i verda, og heim att. Norman-utvalet tek mellom anna til orde for at staten subsidierer bompengar, breibandutbygging og flyreiser. I tillegg til gratis SFO, barnehagar og lappen til 16-åringar.

Det norske distriktsopprøret skuldast ikkje berre reformene til Solberg-regjeringa. Her er òg ein viss smitte frå utlandet.

Både brexit og valet av Donald Trump i USA har skapt eit ordskifte om utkantar som taparar i globaliseringa.

Men i motsetning til Storbritannia og USA er ikkje problemet mangel på jobbar eller fattigdom. Tvert om manglar distrikta arbeidskraft, noko som har gjort dei avhengige av framandarbeidarar frå Aust-Europa.

At det finst jobbar, bør gjere det lettare å møte problemet i Noreg.

Like viktig er det at ein no erkjenner at utviklinga i distrikta faktisk er eit problem, og at det òg har ein økonomisk verdi at det bur folk over store delar av landet.

Regjeringa bør difor ta på alvor rapportane dei har fått, og vise at dei møter trugsmålet frå Senterpartiet med praktisk politikk og ikkje berre prat.

Publisert: