Dei fleste vil få reallønsvekst i år. Men det finst unntak.

Søndag vart fung. leiar Knut Sunde i Norsk Industri og leiar Jørn Eggum i Fellesforbundet (til v.) samde i lønsoppgjeret, med hjelp av riksmeklar Mats Ruland (i midten).

Stikkordet er «lokale tillegg».

Publisert: Publisert:

Søndag landa industrien («frontfaget») eit overraskande godt lønsoppgjer, på 5,2 prosent.

Dermed ligg det an til ein solid reallønsvekst for dei fleste nordmenn, etter fleire år med nedgang.

For resultatet i industrien dannar som kjent malen for resten av lønsoppgjeret.

Kor sterk reallønsveksten vil bli, er usikkert. Mykje tyder på at prisveksten vil bli høgare enn det som er lagt til grunn for lønsoppgjeret, som var 4,1 prosent.

Årsaka er først og fremst ei endå svakare krone (som gjer importerte varer dyrare), men òg sjølve lønsoppgjeret. Det er i overkant av det Noregs Bank og andre venta.

Men ingenting tyder på at inflasjonen vil kome i nærleiken av 5,2 prosent. Så reallønsveksten ser ut til å vere rimeleg sikker.

Men ikkje for alle.

Jørn Eggum.

Les hele saken med abonnement