Distrikta sett frå Media City Bergen

Stereotypiane til Trygve Slagsvold Vedum og Gerd Tjeldflåt står for fall.

Alfred Bjørlo (V) trur mange distriktskommunar er i ferd med å kaste av seg Senterparti-åket.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Gerd Tjeldflåt, kommentator i BT, skriv 4. september om eit Distrikts-Noreg som er på randa av avgrunnen.

Ho skriv om eit Distrikts-Noreg der «Sp gjekk på trynet og tok heile Bygde-Noreg med seg i fallet», der du får «ingenting igjen for det du skapar», der det «knapt finst arbeid», der «alle tilbod blir tekne frå deg», der du blir stadig meir åleine og situasjonen blir berre verre.

Eg skal ikkje avvise at det finst einskildbygder der livet er så svart som Tjeldflåt skildrar. Men som ei generell skildring av Distrikts-Noreg pr. 2021 er denne skildringa meiningslaus. Dette er vrengebiletet på distrikta sett frå Media City Bergen.

Les også

Gerd Tjeldflåt: Distrikts-Norge blei valkampens store tapar. Men opprøret lever enno.

Det eg har sett, i mine ti år som ordførar i distriktskommunen Eid/Stad, og no som førstekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane, er ei oppsiktsvekkande stor framtidstru, guts og optimisme på små og store stader i heile fylket.

Distrikts-næringslivet går så det susar. Folketalet i Eid/Stad og kommunane elles i Nordfjord er i vekst (åtte år på rad i Eid/Stad). Det kommunale tenestetilbodet blir meir omfattande og variert for kvart einaste år, ikkje minst innanfor helse og sosiale tenester.

Fiberutbygginga i Sogn og Fjordane nærmar seg 100 prosent. Digitaliseringa gjer at offentlege tenester for folk og bedrifter er enklare tilgjengeleg og meir likeverdig i by og bygd enn nokon gong før.

Utsikten frå Media City Bergen, der dei fleste medieverksemdene i Bergen held hus, er ikke alltid like god, meiner Alfred Bjørlo, førstekandidat for Venstre i valkrinsen Sogn og Fjordane.

Samtidig har koronapandemien – som ei utilsikta følgje – endra samfunnet. Arbeidsplassar og utdanning er digitalisert «over natta». Store bedrifter lèt folk flytte ut frå storbyen og fjernjobbe frå nye arbeidsfellesskap på bygda og i småbyar.

Staten har nyleg innført prinsippet om «flytterett til eigen jobb». Stadig fleire utdanningstilbod kan bli gjort tilgjengelege over heile landet på ein måte som demokratiserer høgare utdanning på distrikta sine premiss.

Pandemien har snudd opp ned på kva som er mogeleg, og kva folk trur er mogeleg for å skape sitt eige gode liv. Fleire har fått auga opp for fridomen ved å bu i distrikta. Det meste tek mindre tid. Fellesskapa er nærare og meir varierte enn dei sosioøkonomisk einsretta fellesskapa i byane, og kvardagen er lettare.

Kombinert med krafta i det grøne skiftet, der ein sentralisert oljeøkonomi skal erstattast av ein meir mangfaldig og desentralisert grøn økonomi bygd på naturressursane i distrikta, er dette tidenes sjanse for Distrikts-Noreg.

Innsendaren har ikkje mykje til overs for Trygve Slagsvold Vedums reverserings-iver.

Gerd Tjeldflåt sørgjer over at eit svakare Sp tek distrikta med seg i fallet. Det trur eg er ei gedigen feilslutning. I staden trur eg at ein ny og meir slagkraftig distriktspolitikk først kan vekse fram når Sp sin reverserings-iver blir erstatta med eit offensivt og positivt syn på framtida. Mange distriktskommunar er i ferd med å kaste av seg Sp-åket. Det er ein føresetnad for ei god framtid for Distrikts-Noreg.

Det Distrikts-Noreg treng no, er ikkje meir romantisering av fortida. Ikkje meir oppdeling av nye kommunar og fylke, skepsis mot naboen, skilsmisser og frykt for endring. Trongvik vil framleis ha problem etter pandemien, og ikkje vere ein stad folk ynskjer å flytte til.

Det er dei opne, grøne og framtidsoptimistiske stadane med rom for mangfald og ei open dør mot verda folk vil ynskje å bu i framtida, uansett om dei er storbyar eller småstader. Det er dette Distrikts-Noreg eg no ser vekse fram, med eit stadig meir mangfaldig distrikts-næringsliv som pådrivar.

Stereotypiane til Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Gerd Tjeldflåt står for fall. Det gode liv i eit moderne Distrikts-Noreg er framtida.

Publisert: