Medan byfolk kan reise utanlands med koronapass, må bygdefolket vente

Når regjeringa tek vaksinar frå bygdene og gjev til byane, blir det forskjell på folk.

Spansketrappa i Roma er innan rekkevidde i sommar, viss du har koronapass. Akkurat no er den draumen litt nærare for byfolk enn bygdefolk, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Frå 5. juli er det fritt fram for å reise til Italia, Spania, Hellas, Frankrike og andre ferieland i EU. Alle kan reise, men er du ikkje vaksinert og har eit koronapass, kan du få problem.

Sjansen for at du har eit slikt pass er større om du bur i ein by som Bergen, enn i ei distriktskommune som Askvoll.

I Askvoll har dei ikkje byrja vaksineringa av dei under 55 år enno, ifølgje ordførar Ole André Klausen (H). I Bergen derimot, vaksinerer ein no folk ned til 35 år. Unge mellom 18 og 24 år byrja dei på for over ei veke sidan.

Og i hovudstaden er allereie 80 prosent av ungdommane i denne aldersgruppa vaksinerte.

Årsaka til forskjellane er at regjeringa i mai vedtok å ta vaksinar frå kommunar som hadde lite smitte over tid, og gje dei til kommunar med mykje. Med verknad frå andre veka i juni.

24 kommunar, dei fleste i og rundt hovudstaden fekk 45 prosent fleire vaksinar, medan dei fleste distriktskommunar fekk opp til 35 prosent færre. Bergen og dei fleste større byane fekk behalde sine forsyningar.

Endringa skapte ikkje uventa sinne i kommunar som fekk redusert forsyningane, spesielt der ein hadde smitteutbrot.

Det var likevel gode grunnar for skeivfordelinga. Høg smitte i ein by som Oslo var eit problem for resten av landet, fordi folk tok med seg smitte frå hovudstaden og skapte lokale utbrot. Målet var å få ned den samla smitten i landet.

Dessutan har oslofolket levd med langt hardare restriksjonar enn resten av landet denne vinteren.

Sjølv om smitten no er kraftig redusert i Oslo og mange andre byar, er smitten framleis høgare i byane enn i landet som heilskap. Eit oppsiktsvekkande unntak er Bergen, der smitten no er halvparten av landssnittet (i høve til innbyggartalet).

Når smitten likevel er høgare i og rundt Oslo, er det difor ikkje heilt urimeleg at skeivfordelinga held fram til midten av juli, som planlagt.

Men surt er det like fullt for dei i distrikta som må vente i vekevis, medan jamaldra i byane har fått vaksinen.

Ikkje berre gjev vaksine tryggleik for ikkje å bli smitta, og at du i mindre grad smittar andre. Det følgjer òg privilegium med eit koronasertifikat, som er det offisielle namnet på det nye verdipapiret.

Spesielt gjeld det utanlandsreiser. 1. juli sluttar Noreg seg til EUs koronapass-ordning. Og frå måndag neste veke fjernar dei rådet om at du ikkje bør reise unødig til EU-området og Storbritannia.

EU-landa har ulike reglar, så då må sjekke kvar einskild for å finne ut kva dei krev. Men fleire land, inkludert Italia, krev at du kan vise fram eit gyldig vaksinepass.

Det er uansett liten tvil om at du vil reise langt tryggare og problemfritt med eit slikt pass enn utan.

Medan det norske koronasertifikatet lyser grønt tre veker etter du har fått første dose, er det mogeleg at enkelte EU-land kan krevje at du er fullvaksinert. I så fall kan skeivfordelinga i sommar òg få følgjer for haustferien:

Dei som blir vaksinerte no, må vente 12 veker på neste dose. Så må dei vente ei veke til før dei blir klassifiserte som fullvaksinerte. Skal du utanlands i haustferien, som i Bergen byrjar 11. oktober, må du dermed ta første dose innan 9. juli.

Koronavaksinen gjev ein svært etterlengta fridom, både ute og heime. Då skal ein ikkje gjere mykje forskjell før folk reagerer, spesielt når det følgjer ei tradisjonell konfliktlinje som by mot land.

Sinnet blir neppe mindre av at forskjellen blir skapt i sommarferien, når mange drøymer om å reise til sørlegare strøk.

Innanlands har regjeringa gjort eit godt grep ved å krevje at alle arrangørar skal likestille vaksinerte og uvaksinerte med negativ koronatest. Så kan du i alle fall gå på konsert eller fotballkamp, sjølv om du er frå bygda.

Distriktskommunane vil etter planen få tilbake dosane dei vart fråtekne i juni, gjennom ekstra store leveransar frå 19. juli. I det lange løp er difor ikkje dette noko stort problem, viss regjeringa held det dei lova.

Men ein forskjell på to–tre veker har mykje å seie for den som ønskjer å reise til utlandet i sommarferien.

Det finst ingen oppdatert nasjonal oversikt som viser skilnadane mellom kommunane. Så to–tre veker er omtrent den forskjellen eg har funne, etter ein kjapp sjekk hjå nokre distriktskommunar på Vestlandet.

Fleire stader får eg stadfest at enkelte murrar, men noko stort opprør mot forskjellsbehandlinga har ikkje eg klart å finne.

Eg tippar at murringa ville vore langt meir høglydt, viss vi hadde vore inne i den tredje veka med pissregn og ti grader.

Men sol og sydentemperaturar gjer noko med humøret, sjølv på Vestlandet. Så lenge det varer.

Publisert: