Distrikta treng vekst, ikkje vissvass

Linda Hofstad Hellelands «kyst- og innland»-strategiar luktar av svada.

«Distrikta treng arbeidsplassar, folk, pengar og makt. Dei har ikkje tid til departementale flosklar frå Linda Hofstad Helleland», skriv BT på leiarplass. Her er distriktsminister på NHOs årsmiddag 2018.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Tysdag morgon varsla distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) at ho vil lage nye strategiar for kyst og innland.

Det var ikkje lett å forstå kva statsråden eigentleg ville oppnå med det ho sa i Politisk kvarter hos NRK. Kva er eigentleg bakgrunnen for desse strategiane?

«Mulighetene og utfordringene er ikke de samme på Frøya og i Trysil selv om begge er en del av Distrikts-Norge. Kysten og innlandet har ulike næringskjeder og ulike veier til vekst og utvikling», seier Helleland til Kommunaldepartementets heimeside.

Men utfordringane er ikkje dei same i alle kystkommunar heller. Førebels er det heilt i det blå kva landet skal med endå ein strategi.

Les også

Jens Kihl: Senterpartiet sentraliserer Vestland

Pressemeldinga er full av uttrykk som «løfte fram muligheten vi har for vekst og utvikling», «få fram potensialet» og «legge til rette for vekstkraftig næringsliv». Kva strategiane skal gå ut på, eller kvifor Helleland vil dele distrikta i to, står det ikkje eit ord om.

Same dag som Politisk kvarter-sendinga skulle stortingsmeldinga «Levende lokalsamfunn for fremtiden» bli diskutert i Stortinget. I regjeringas distriktsmelding er det ikkje spor av slike strategiar statsråden no ønskjer seg.

Om dei er så viktige, kvifor ikkje skrive om dei i regjeringas eigen plan for distriktspolitikken? Skal ikkje den gjelde likevel? Har regjeringa skifta syn?

Det er ikkje lenge sidan Noreg gjekk gjennom ei stor fylkesreform. Framleis vil det ta tid før den nye fylkesstrukturen set seg, ikkje minst fordi fleire av dei største fylka kan kome til å søkje oppløysing etter stortingsvalet neste haust.

Les også

Ap: - Høyre har ingen ambisjoner for Equinor

Noko av meininga med denne reforma var at fleire inndelingar av landet skulle følgje same mønster, som politidistrikt, helseføretak og så bortetter. Slik kan ulike delar av offentleg sektor jobbe meir effektivt saman.

No skal regjeringa legge ein strategi heilt på tvers av dette. Det var vel det siste distrikta hadde bruk for, midt oppe i ein periode som er prega av store og raske endringar på mange felt.

I staden for å gje fylke og kommunar nye, store oppgåver og verktøy for å styrkje område som slit med fråflytting, får dei no to strategiar.

Distrikta treng arbeidsplassar, folk, pengar og makt. Dei har ikkje tid til departementale flosklar frå Linda Hofstad Helleland.

Publisert: