Støre sender EUs kraftpris-bombe over til Erna Solberg

Det blir ikkje regjeringskrise. Jonas Gahr Støre har funne ei løysing.

Publisert: Publisert:

EUs energikommisjonær, Kadri Simson, kasta i mars ei tønne retorisk bensin inn i den norske energidebatten.

Flygande i helikopter med Noregs klima- og miljøvernminister på slep, bad ho Noreg byggje fleire kraftkablar til utlandet, noko som fort kan føre til auka straumprisar i Noreg.

Kadri Simson på tur i Noreg i mars.

I tillegg truga ho med straff, om ikkje Stortinget snart vedtek ein omstridd pakke med energilover og reglar, EUs såkalla fjerde energimarknadspakke.

Vel tilbake i Brussel skreiv ho så eit brev til regjeringa, der ho konkretiserte trugsmålet:

Noreg får frist til 13. august med å godkjenne fornybardirektivet, som er ein viktig del av energimarknadspakken.

Viss ikkje truga ho med at EU-kommisjonen vil «vurdere alle nødvendige skritt som kan måtte tas for å bevare integriteten til vårt felles indre marked».

Trygve Slagsvold Vedum.

Trugsmålet fekk alarmklokkene til å ringje i regjeringskontora. Senterpartiet har eit landsmøtevedtak frå i fjor, om å seie nei til heile energimarknadspakken.

Både partileiar Trygve Slagsvold Vedum og parlamentarisk leiar Marit Arnstad har gått langt i å seie at Senterpartiet vil gå ut av regjeringa, om pakken blir vedteke.

Fleire stortingsrepresentantar har stilt ultimatum.

Slik eg forstår vil partiet heller ikkje gå med på ei løysing der dei reserverer seg mot vedtaket i regjeringa, men blir sitjande.

Espen Barth Eide (Ap)

Likevel kunne regjeringas mest EU-venlege, utanriksminister Espen Barth Eide (Ap), nyleg fortelje at regjeringa jobba for å halde fristen.

Lukta av regjeringskrise byrja for alvor å sive ut av hovudstaden.

Heilt til ein uvanleg høg og mørk versjon av statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) entra Stortingets talarstol for ei veke sidan:

«En kommissær i EU setter ikke frister for den norske regjering», sa Støre.

Men kommisæren hadde samstundes servert Støre ei løysing, i det nemnde brevet:

Les hele saken med abonnement