- Vil du ha fin rumpe?!

PS: Lytt alltid til storebror.

UTEKROPPEN: Bror min berre: «Kom deg opp i Hangurslia i staden». ARKIVFOTO: PAUL S. AMUNDSEN
  • Guro.valland@bt.no
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv Ă„r gammel

SÄ stod me der, dÄ. Klemte rumpeballane saman og jobba mot spretne tider.

«Vil du ha fin rumpe?!», skreik instruktÞren.

Nokre av oss skreik attende.

«Vil du ha fine lÄr?!»

Better, faster, stronger. Me mÄtte berre gjera som han sa.

Guro Valland

«SjÄ pÄ meg!», befalte instruktÞren med eit strengt blikk.

Eg har ingenting imot treningssenter. Eg gÄr der ofte og sveittar ut driten, som det sÄ fint heiter.

Tullete, meinte eine bror min.

«Du har jo verdas beste treningssenter rett utanfor dÞra!»

Året var 2001. Eg hadde nettopp vorte medlem hjĂ„ det lokale treningssenteret pĂ„ Voss.

Magnus berre: «Kom deg opp i Hangurslia i staden».

Dette er eit familiemedlem som driv med toghopping i staden for þyhopping. Sveitten legg han att i Stþlsheimen — heldigvis for meg.

Eg gjekk meg vill i Myrdalsfjella. Fann ikkje att stien og mÄtte ty til telefonisk hjelp. Ja, det var faktisk dekning.

«Kva ser du rundt deg?», spurte Magnus.

Jo, eg kunne no sjÄ bÄde eitt og hitt. «GÄ til hÞgre, og hald den sida», forklarte han. Nokre timar seinare Ät eg kvelds pÄ Vatnahalsen hotell.

DÄ mora til ei veninne kom i prat om brÞrne mine, var ho ikkje heilt sikker pÄ kven som var Magnus igjen.

Ho tydde til utsjÄnaden, og spurte ganske enkelt:

«E’ da han med sprettrompo?»

Her kan du lese flere PS-er fra Guro Valland:

Publisert: