Joakim (26) skamma seg over at han sveitta mykje. Det gjer han ikkje lenger.

Joakim Stave (26) ligg på ryggen på benken. Overkroppen er bar.

Hudlege Eli Synnøve Lilleskog tek på blå plasthanskar og rettar det skarpe arbeidslyset mot armhola hans.

Joakim knip igjen auga idet den tynne nåla går inn under huda. Han pustar tungt. Auga er blanke.

Det er fjerde gongen Joakim ligg på benken på Bryggen Hudlegesenter. Det svir, men han veit det er verdt det.

Heilt sidan han var barn har Joakim sveitta litt ekstra under armane. Det vart verre då han byrja å studere i Bergen som 19-åring.

Det var fadderveke og Joakim var på vorspiel. Då han gjekk på badet, såg han dei gigantiske sveitteringane under armane.

Les hele saken med abonnement