- Som ein gjeng med sauer på veg til slaktaren stod me bom fast

PS: Medan Oslo Børs trada Norwegian-aksjar, kom me oss korkje ut eller inn.

DRIVHUS: Boarding not complete, for å seia det sånn.
  • Guro.valland@bt.no
Publisert: Publisert:
Guro_Valland_byline1009.jpg
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Eg har ikkje gått over heilt enno, men nær-døden opplevingar har eg titt og ofte.Siste: Då eg var stuck i gaten på Gardermoen.

Overfartspassasjen ligg så langt vekke frå episenteret OSL, at du like gjerne kan kalla han distriktsgaten. Eit slags «fuck you» i praksis.

Eg hadde hatt god tid. Profesjonell amatør, på eit vis. Til og med tryggleikskontrollen gjekk unna på ein blunk, og boarding som ein leik.

Eh. Murphys lov. Takk til deg.

Som ein gjeng med sauer på veg til slaktaren stod me plutseleg bom fast i den pølseliknande slusa.

Heile Kjos-maskineriet tok pause, og medan Oslo Børs trada Norwegian-aksjar, kom me oss korkje ut eller inn. I staden delte me felles lagnad i eit slags drivhus av harme, med ein effekt så sterk, at ingen ville høyrt deg viss du skreik.

Utanfor, det same. Ikkje noko dreamliner av ein kø, for å seia det slik.

Det må ha gått over 20 minutt før Ali Baba fekk opp døra.

VENTETID: Så nære, men så uendeleg langt vekke.

«Guilt free, because it was so cheap», sa dama framføre meg, om billettkjøpet.

«Cheap tactics», spør du meg.

For der menn nyttar hundetrikset på sjekkaren i parken, er dateboka «The Game» Norwegians bibel for prissetting.

Berre det er billeg nok, så kan overgangsalderen like gjerne oppstå på ein flyplass, i eit fengsel av sveittetokter og pusteproblem.

Greitt nok at de har Wifi i lufta, men sauesanking i gaten er ikkje greitt. Det kan me gjera heime.

Her kan du lese flere PS-er fra Guro Valland:

Publisert: