- Badekåpe, my ass

PS: Mote, altså.

FASHION, VEL: Ullkåpa til BT-journalist Guro Valland vart forveksla med noko du vanlegvis finn på eit baderom.
  • Guro.valland@bt.no
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Du veit den der kjensla av å ta deg på noko som du ikkje maktar å ta av deg.

Materialistisk eufori. Ein beige draum av ull. Til den nette pris av 3500 bollar.

— Den kåpa må du berre ha, sa mor mi.

Eg såg meg i spegelen. Sjølvsagt måtte eg ha ho. - Har du pengar? Om eg hadde. Det var min første sommar i BT og eg var dødsrik.

Les også:

Les også

Ikke noe valentinsstress

Ein runde til framfor spegelen.

Aber natürlich. — Eg tek ho!

Same dag skulle godkjensla luftast.

Det var ein sånn der kveld der sommar vert til haust. Ikkje for kaldt, ikkje for varmt. Absolutt og definitivt heilt perfekt for mi nye, tynne ullkåpe.

Ah. For ei kjensle der eg trippa over Haakon Sheteligs plass.

- Fin badekåpe! Dei to gutane i venegjengen omtrent ropte det til meg. - Hæ?

Dei lo då dei gjekk forbi meg. Høyrde eg riktig? - Ja, så fin badekåpe du har!

Dei snudde hovudet fleire gonger.

Lot blikket leggja seg på min beige, altfor dyre draum. Og no, eit beige handkle . Ei beige forbanna badekåpe .

Tre tusen fem hundre kroner.

For ein tabbe. Hang badekåpa inn i skåpet. Droppa ho i fleire månadar.

Ja, det vart kanskje eit år til eg trippa over Høyden på ny.

— Du, har du og Hilde Sandvik same kåpe? Kollegaen min såg på meg.

Hilde Sandvik, BTs fashionista numero uno. Han kunne knapt ha stilt eit betre spørsmål. Badekåpe, my ass.

Publisert: