- Du er framleis i BT

PS: Sjølv om du ikkje lenger skal jobba i BT, er du her framleis.

KUTTRUNDE: Bergens Tidende har kutta kraftig i talet på stillingar. - Du er framleis i BT, skriv BTs journalist Guro Valland. ARKIVFOTO: Helge Sunde
  • Guro.valland@bt.no
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Du sette eit punktum. Eg hadde gløymt det. Raud penn over kvite ark. Du sette eit komma, ein apostrof.

Du skreiv om nye hus, gamle hus.

Du filma Olav i bygda, Marit i byen.

Du snakka raskt, langsamt. Du kvitra.

Følg med! Augo inn i kamera no. Der, ja!

Guro Valland

Du tok bilete. To, tre fire. Mat på fatet, galleri på veven.«Berre eit lite tips». Du passa på. Du endra å til og.

Du ringde. Ringde og ringde. Var det riktig med Arve? Eller var det Arne?

Du skreiv om livet og døden. Opp og ned.

Du skreiv om deg sjølv. Andre. Deg og meg.

Du teikna kroner og ører. Gatene i Bergen.

Du var streng, men snill.

Nynorsk. Bokmål. Du var stril.

Du var eit ord, faktisk ti. Kanskje 10.000 då du først tok i.

Du visste vegen. Køyrde på.

Du var der. Takk.

Du fekk andlet på film. Ord på papir. Og eg fekk kjensler i magen.

Du har sett eit punktum. Raud penn på andre ark.

Du jobba i BT. Du er framleis i BT.

Her kan du lese flere PS-er fra Guro Valland:

Publisert: