PS: Du er politikar, ikkje Gud

I Oslo har dei folkevalde gløymt at dei vart født med eit stemmeband.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

Dette med å kommunisera ordentleg med det offentlege Noreg. Det er omtrent like lett som å gå på vatnet. I teorien umogeleg, men legg ein verkeleg godviljen til, kan det skje mirakel.

Journalistar ber om slike mirakel nær sagt dagleg. For er det noko ein treng når ein skal preika med det aller heilagaste der inne i Hovudstaden, er det tru. Trua på at noko stort kan skje, noko vedunderleg, at noko skal opna seg, at kjelder ja, du skjønar.

Inne i Sosselo har dei folkevalde gløymt at dei vart født med eit stemmeband — det å ta opp telefonen i staden for å heilgardera ryggrada med pjatt og bomullsord i tekstuell form. «Send spørsmåla dine på e-post», er kommandoen frå fotsoldatane.

Kommunikasjonsrådgjevarar er hyggjelege folk, altså. Men ein e-post? Hallo? Det er som å gje dei tilgang på fasiten før eksamen. Eller, vent. Eksamen har dei jo slutta med der inne. Klasserommet er forsvunne, tavla vekke. Anten er dei friteken frå vurdering eller så har dei fått utvida tid. Men kva med fråvær utan lovleg grunn?

Greitt nok at du er politikar, men du er ikkje Gud.

Publisert: