Lei av flyskam? Få flyskrekk i staden!

Slik kan du skremme deg fri frå skamma.

SKAM OG SKREKK: Flyskrekk er eit skikkeleg godt klimatiltak, skriver Ingvild Nave.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Flyskrekk er rart. Det følast som om du balanserer i eit lite flysete 10.000 meter over bakken og kan falle ned når som helst. Kvar minste rørsle flyet gjer kan vippe deg ut av stolen og rett i fritt fall.

Ein gong blei eg så stressa at eg snudde i gata på Gardermoen og sat åtte timar på ein klam buss i staden for å fly i tre kjappe kvarter.

I mange år har eg forsøkt å bli kvitt skrekken. Eg har lest om korleis fly fungerer, og kor trygge dei eigentleg er. Eg har høyrt på tøff musikk når eg flyr, fordi då går det ikkje an å vere pysete. Ironisk nok har Dårlig Vane sin «Gikk i bakken» vore fast inventar på flyskrekk-spelelista mi.

Men no har eg gitt opp. Eg har bestemt meg for å omfamne flyskrekken og forsøkje å spreie den vidare til andre i staden. Det er eit skikkeleg godt klimatiltak som eg anbefaler alle å prøve.

Folk med flyskrekk gir blaffen i Syden og hjelper planeten, samt sparar litt pengar. Den einaste baksida er bivirkningane – alvorleg nervøsitet, gnissing av tenner, sveitte hender og dårleg nattesøvn før takeoff.

Ein må knuse nokre egg for å lage omelett og nå togradarsmålet. Slik er det berre. Derfor har eg laga nokre tips som kan hjelpe oss å skremme oss ut av klimakrisa.

Den mest effektive måten å få flyskrekk på trur eg er å reise med små propellfly i dårleg vêr.

Det var nemleg slik eg fekk min. Eg skulle lande i Førde under ein snøstorm, men det verka umogeleg. Heile flyet datt rett ned og rulla frå side til side. Folk skreik fordi vi fekk skikkeleg sug i magen. Eg følte meg som ei lita tøydukke som blei kasta rundt i ein hermetikkboks.

Slik haldt vi på i det som for meg verka som fleire døgn, men eg trur det var rundt 20 minutt.

Den tredje gongen vi forsøkte å lande gjekk det endeleg. Då vi nådde landjorda var eg gjennomsveitt, likbleik og lovprisa livet.

Når du byrjar å sveitte skikkeleg er du på rett veg mot ekte flyskrekk. Det byrjar på innsida av hendene, og snikjer seg utover.

Eg merka ikkje at eg hadde fått skrekken før neste flytur eg skulle ut på. Då sat eg på flytoget og lurte på kvifor eg blei så sveitt av å ta tog.

Å lese om flykrasj i avisene, søke opp skumle flyvideoar på YouTube eller sjå filmen «Snakes on a plane» («Slangar på eit fly») kan også utløyse flyskrekk.

Det gjeld å tvangsskremme seg sjølv, og forsøkje å assosiere det skumlaste du veit med å fly.

Likar du ikkje edderkoppar? Då må du hugse at store edderkoppar har gøymt seg på fly. Har du litt høgdeskrekk? Tenk på kor lang ned det er. Klaustrofobi? Hugs at du sit i eit lite rør med folk du aldri har møtt.

Om ikkje noko av dette skremmer deg kan du tenkje på at det aldri har vore meir CO₂ i lufta enn no. Den høgste målinga i heile mennesket sin historie blei målt den 3. mai.

Det bør eigentleg vere skummelt nok i seg sjølv.

Vi, som liksom skal vere den smartaste arten på planeten, er i ferd med å utrydde store mengder av livet på jorda (og kanskje oss sjølv) fordi vi skiter for mykje i reiret vårt. Vi står absurd nok i fare for å ta kollektivt sjølvmord i vårt eige boss.

Det er ikkje rotter, kakerlakkar og melbiller som er skadedyra på kloden. Det er oss – og ein effektiv måte å passe litt betre på reiret vårt er å fly mindre.

Lukke til med å flyskremme deg sjølv, og nyt ditt nye liv fritt for flyskam her på landjorda.

Publisert: