- Bring the popcorn, baby

PS: I denne feeden vert eg verande.

SPØRSMÅLSRUNDE: Nærare 30.000 er no med i Facebookgruppa "Hjelp til alt mulig :-)", der folk spør om, ja, alt mogeleg.
  • Guro.valland@bt.no
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Endeleg gir folk ein god dag i kva dei skriv på Facebook, for dei treng hjelp, og det litt brennkvikt.

«Hva definerer du som ettermiddag?»

Spørsmålet kom frå ei i gruppa «Hjelp til alt mulig :-)» på Facebook. Viktig tema, men endå viktigare med presiseringa:

«Ønsker ikke Wikipedia-svar, men hvordan man bruker dette uttrykket i hverdagen».

Ah. Endeleg er me attende til der det ein gong starta.

Nostalgikarane av oss har lenge sakna tida då Facebook var uhøvla og rein.

Hugsar du? Me snakkar fort 2008, og veggane var frie frå sjølvjustis og merkevarebygging.

Misforstå meg rett. Eg har hive ut bilete frå Lofoten eg òg. Veldig fint der, altså, men det visste du jo.

Små og store, viktige og uviktige tankesprang frå vener og fjern slekt, prega livet på Facebook den gong:

Veninna lurte på om ho burde eta lasagne eller kjøtkaker til middag. Klassekompisen frå barneskulen delte 573 bilete frå siste ferietur, og stilte viktige spørsmål som: «Er det nokon som køyrer Bergen-Voss i helga??????»

Kvardagslivet. Som berre forsvann frå feeden.

Heilt til no.

For, kva definerer du eigentleg som ettermiddag? Har du tenkt på det?

Og, som ein annan av dei nærare 30.000 medlemmene følgde opp med: «Dersom ettermiddag er 15 til 18, hva regnes da som formiddag?»

Bring the popcorn, baby. Her vert eg verande.

Her kan du lese flere PS-er fra Guro Valland:

Publisert: