Venskap veit ikkje alder

Ein av mine beste vener er ein mann i midten av 50-åra.

VENER: Den største verdien med å ha ein ung-gammal kar til kompis er livslæra, skriv BT-journalist Guro Valland.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Av og til ser eg føre meg livet som eit stort, kvitt ark.

Eg har drege pennen omtrent forbi ein tredjedel av arket, og satsar på to tredjedelar til.

Då er eg 96 når eg døyr. Kanskje litt optimistisk, men plutseleg sit eg der. 96 år gammal.

Eg lurer på om eg har kort hår, då. Alle kvinner får liksom kort hår på eit tidspunkt.

På arket finst det toppar og botnar.

Slik må det vel vera. Slik bør det vel strengt tatt vera.

Pennestrøk andre enn mine har også fått prega papiret. Eg er ikkje stor nok for denne flata aleine.

Berg- og dalbanar av forteljingar har fått sin dedikerte plass.

Slake, krappe, kjærleiksdrivne. Familien vert større. Familien vert mindre.

Kurver som liknar kraftig hjartearytmi.

Livet, altså. Vil ein helst ha ein fasit?

Kan henda, det, men desse dagane som kom og gjekk, dei var jo sjølve livet.

For nokre år sidan steig det fram ein strek som ikkje går an å viska vekk.

Han er i midten av 50-åra. Me er kompisar.

Ja, det går an. Jaggu er det fint også.

For venskap veit ikkje alder.

Les også

Les også: Nokon har stått opp før deg, for di skuld

Den største verdien med å ha ein ung-gammal kar til kompis er livslæra.

Ting om livet som du berre får med deg av å smaka på livet.

Dårleg øl takkar du nei til. Sei ifrå om du er usamd. «Og slik som dette sparklar du veggen, Guro».

Han er frå bygd, drog til by, trivast med å sveitta og å laga mat.

Og så likar me å sjå innover. Grubla.

Derfor tok me fugleperspektivet på oss sjølve her om dagen.

Me var på kafé, me hadde bestilt det same, og såg nok ut som dotter og far.

Men, neidå. Berre vener. Nothing to see here.

For det er jo slikt ein ser føre seg.

At den første tanken ikkje nødvendigvis er venskap.

At sosiale kodeksar av reglar og sedvane og gud veit kva får lov til å styra. Mørkleggja.

Ha! Då skal me iallfall henga, vart me samde om.

Eg har drege pennen omtrent forbi ein tredjedel av livet, og satsar på to tredjedelar til.

Med andre strekar på arket ser eg dessutan annleis på mi eiga.

Eg får høyra at eldre ikkje nødvendigvis vert noblare, fordi du skulle tru at alder gjer klokare. Det er fullt av intrigar hjå venepar i 50-åra òg. Og hytte, ja. Det veit eg at du vil ha, fordi me er like du og eg.

Om han har rett, er ein annan ting. Om eg har rett, er ein annan ting.

Korkje han eller eg er utlærte heilt enno.

Saman kan me iallfall tenkja og snakka og jobba oss gjennom dette veldige som er oss.

Og mellom botnpunkt og toppunkt er det ukjende løysingar.

Då er det fint å ha heilt andre livslinjer å kikka på.

For venskap veit ikkje alder.

Publisert: