Men draumane mine kan du berre få

«Dette går ikkje lenger», sa ho då morgonen kom.

Alf Strand ramla ut av senga og vart sendt på sjukehus. Der fekk han vite kva som var gale.
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg vakna då eg ramla ut av senga og slo hovudet i glaskarmen. Måne og stjerner såg eg ikkje, men eg kjende det rann blod og at hovudet heldt på å klovne.

«Kva er det du held på med», spurde ho eg har delt seng med i nærare 50 år. 

«Eg drøymde at eg skulle møte ein flokk kyr og få dei inn i floren. Då måtte eg kaste meg fram for å stoppe dei.» 

«Det finst ikkje kyr her. Legg deg opp att i senga og prøv å få sove», sa ho.

Men hovudverken var så kvass at det var uråd å sove. I staden vart det blålys til sjukehuset. Der kunne dei konstatere ei lita bløding i hjernen. Heldigvis gjekk den utover og kunne lækje seg sjølv.

«Typisk for denne sjukdommen», seier nevrologen. «Du held fram med å drøyme etter at du eigentleg er vaken. Du hallusinerer og ser folk og hendingar ingen andre ser. Du vil få oppleve fleire slike episodar».

Og han fekk rett. Fleire netter vakna eg av at eg stod i senga og brølte. Ein annan gong gjekk innbrotsalarmen utan at eg skjøna nokon ting. Eg hadde berre vore ute på terrassen ein tur nattetid for å sjå om alle dei som nett hadde besøkt meg, var der ute, for det var så brått blitt stilt inne hos meg. Grinda for trappa, som berre er i bruk sporadisk når dei minste barnebarna kjem på besøk, vart sett opp att permanent. Balansen min er ikkje lenger å stole på.

Så ei natt sto eg på kne i senga og rista ektemaken min. Slo visst etter ho òg. Eg, som aldri hadde lagt hand på noko menneske, slo etter henne som i gode og mindre gode dagar hadde vore mi støtte og min stav.

«Dette går ikkje lenger», sa ho då morgonen kom. Og ho hadde som vanleg rett. Eg hadde innsett det sjølv, endå det var sårt: I ektesenga var det ikkje lenger verande for folk. Eg måtte flytte.

Det er litt rart å ha ei seng heilt for seg sjølv. Men eigentleg er eg ikkje åleine. Herr Parkinson held meg med selskap både natt og dag. Og stundom er det så folksamt på rommet mitt at eg vaknar.

Publisert: