Enke – det ordet gjer meg kvalm

Å bli åleine med eit barn har så uendeleg mange lag.

«Eg saknar Adrian så mykje og så ofte at det er heilt umenneskeleg», skriv innsendaren om mannen sin, som døydde i 2022.
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I november 2022, i ein alder av 37 år vart eg enke. Adrian rakk ikkje eingong å bli 34 år.

Den dagen då Adrian døydde etter kortvarig kreftsjukdom, sløkte alle lys inni meg. Plutseleg var eg åleine med dottera vår. Dottera mi. Meg og ho.

Å miste ein partnar og forelder til barnet ditt liknar ikkje på noko du har opplevd før. Det liknar ikkje på noko smerte du har kjend på før. Me gjekk ikkje frå kvarandre. Me skilte oss ikkje.

Me valde dette ikkje.

QuotesQuotesI denne samanhengen: illustrerte sitat og visdomsord som vert spreidde i sosiale medium. på Instagram klarer ikkje eingong å pirke borti verkelegheita. Ja, det er bølgjer og jordskjelv og tomheit, men det er ikkje nok til å beskrive sorga. Det kjennest som om du blir sparka og slått, slengt opp ned og tråkka på. Om att og om att. Orkar du ikkje meir? Det var dumt, for her kjem meir. Nokon har tatt rennefart og sparka beina under meg. Det som ein gong var trygt og fast, er no borte.

Samstundes som nokon sparkar deg i magen, skal du ha kvardag og følgje opp barnet. Du skal lage middag, vaske klede og følgje i barnehagen.

Frå å ha to inntekter, frå å dele på matutgiftene, straumutgiftene, barnehageregninga – til å stå der åleine.

Eg er uføretrygda etter skade i svangerskapet. Det er ingen som står i kø for å fortelje deg kva rettigheiter du har. Som uføretrygda har eg heller ikkje spesielt mange rettigheiter som enke.

Enke. Det ordet gjer meg kvalm.

Det som derimot kjem i posten, er brev som fortel meg at eg no er blitt åleine med eit barn.

Knyttneve i magen, takk skal du ha.

«Livet har snudd alt opp ned, baklengs i sakte film med snøstorm i ansiktet», skriv Helga S. Laberg.

Det er bekymringar for to fordelt på éin person som samstundes er i djup sorg og fortviling.

Det er mykje snakk om at kvinner tek det «tredje skiftet» og at befolkninga aldri har vore så slitne som me er i dag. Det er ingen konkurranse, men eg skulle av og til ynskje at «normale» småbarnsforeldre, inkludert oss sjølve for tre år sidan, tok seg tid til å forstå kor uendeleg mykje større alt blir som åleineforelder.

Ifølgje SSB var det i 2023 om lag 107.000 einslege foreldre i Noreg.

Styringsrenta har auka åtte gonger sidan Adrian døydde. Matvareprisane har auka med ti prosent. Eg fekk akkurat ein e-post om at nettleiga aukar med åtte prosent frå 1. april.

Uføretrygda har ikkje auka i takt med dette.

Det skal gå rundt, og det skal halde, med mindre enn halvparten av inntektene ein hadde før. Reknestykket må gå opp, og ikkje gløym bufferen ein må ha. Ja, og så må du spare til barnet. Eg føler eg stundom må forsvare at barnetrygda vert brukt til tacofredag og bading på ADO, og ikkje inn på ein lukka konto til dottera mi.

Utan livsforsikringa til Adrian hadde eg ikkje klart å behalde heimen vår.

Å bli åleine med eit barn har så uendeleg mange lag. Det er ingen som kan ta over i krevjande situasjonar, ingen som kan bytte på middagslaginga. Og om kvelden når barnet søv, sit du der åleine i sofaen. Eg orkar framleis ikkje å starte på nye seriar. Kor mange gonger eg har sett opp att dumme realityseriar vil eg ikkje innrømme.

Det manglar alltid nokon rundt bordet, i senga, på bussen, på butikken, på søndagstur. Adrian var ein fantastisk god pappa, og verken legobyggjing eller rollespel vert nok aldri det same igjen.

Eg saknar Adrian så mykje og så ofte at det er heilt umenneskeleg.

Livet har ikkje berre tatt ei ny vending. Livet har snudd alt opp ned, baklengs i sakte film med snøstorm i ansiktet.

No har me flytta, meg og ho. Eit fantastiskt sterkt tokløver.

Livet skal endå ein gong ta ei ny vending, men eg håpar den blir fin denne gongen. Fin til slutt. To skritt fram og eitt tilbake.

Publisert: