Moses var 15 år då han skulle ta hemn

– Mange av oss har berre kvarandre, fortel Moses Greenfield (25).

Moses såg guten deise i bakken.

Fleire ungdommar stod rundt tenåringen som låg samankrøka på asfalten ved Bystasjonen.

Moses tok sats. Så sparka han med full kraft mot hovudet til guten.

Han blei liggande livlaus på bakken.

Moses kjende hjartet hamre i brystet. Det kjendest som adrenalinet tok over kroppen. Han var livredd. Kva ville skje no? Ville han bli tatt av politiet? Korleis ville det gå med guten?

Moses og dei andre ungdommane sprang frå staden.

Les hele saken med abonnement