Pass på deg sjølv, Daniel!

I staden for å sjå seg sjølv som moralsk overlegen, burde Sæbjørnsen gjort eit lite forsøk på å forstå.

Isabel Jensen Hem-Grindheim er homofil. «Eg ønskjer meg at alle menneske, også kristne, held seg for gode til å uttale seg om korleis eg har det i kropp eller sinn», skriv ho i sitt svar til Daniel Sæbjørnsen.
  • Bergen
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

På sundag kunne vi lese Daniel Sæbjørnsen sine tankar om det som primært var andre folks kropp og sinn. I innlegget presiserer Sæbjørnsen at han ikkje vil påføre alle kristen etikk, men for meg som lesar er det uklart kva som er meininga med innlegget hans, dersom det ikkje er akkurat det.

Det er også forunderleg korleis enkelte menneske tillèt seg å meine noko om andre menneske sitt liv og sin kropp, som ikkje på noko som helst vis har innverknad på deira eiga liv eller kropp.

Eg ønskjer meg at alle menneske, også kristne, held seg for gode til å uttale seg om korleis eg har det i kropp eller sinn. Det mest skadelege for meg og min kropp i denne samanhengen, er at eg veit at mange av meiningsfellane til Sæbjørnsen får negative tankar når eg held handa til kona mi.

I den grad det var ein katt i ein sekk, så er eg altså homofil. Eg er også kvinne.

Les også

Innlegget ho svarar på: Måtte kropp få være topp

Når Sæbjørnsen meiner at det er feil å kalle meiningane hans for «gammaldagse» eller «livsfornektande», trekker han fram flisa i sin brors auge, utan å leggje merke til bjelken i sitt eige auge.

Kanskje han skulle hugsa på orda frå Matteusevangeliet, før han dømmer oss andre for å leve eit liv der vi er lukkelege. Det kan eg nemleg forsikre om at vi gjer, sjølv om han ser ut til å meine at vi har ein amoralsk kropp.

Sæbjørnsen trekk spesielt fram tre kroppsamoralske sider ved dagens samfunn. Det eine er abort, der Sæbjørnsen meiner at tankane triumferer, og kroppens «ibuande hensikt» ikkje får triumf. Han skriv at abort avbryt kroppens naturlege gang – og fordi «kvinnas kropp er skapt for å bere fram ein ny kropp». Dersom det ikkje er undertrykkande, så veit ikkje eg.

For det fyrste er vi kvinner openbert mykje meir enn babyproduserande maskiner. Vi har eigne liv, med eige sinn og vår eigen kropp. Men ting kan tyde på at Sæbjørnsen har gløymt at det er kroppen til kvinna som skal gå gjennom ein graviditet og ein fødsel, og som eventuelt skal gjennomgå ein abort. Med alt det inneber. Å påstå at kvinners kropp, med eller utan barn i eller utanfor, har fått munnkorg, syner ein enorm mangel på kunnskap.

I tillegg overser Sæbjørnsen at vi støtt og stadig avbryt kroppens naturlege gang. Heldigvis. Til dømes er menstruasjon ein kroppsleg reaksjon på at kroppen hadde tenkt å bli gravid, men ikkje blei det.

Det er kanskje ikkje så enkelt, alltid, å uttale seg om noko ein ikkje kan noko om. Det er gjerne difor Sæbjørnsen burde latt vere. Han kunne latt vere å kalle trans for «født i feil kropp», noko som også er særs gammaldags. Han kunne tatt ein prat med ein transperson for å forsøke å forstå, og dessutan slutta å henge seg opp i andre menneske sin kropp. La folk vere.

Sæbjørnsen omtalar homofili, abort og trans heilt utan å sjå menneska bak, meiner innsendaren. Biletet er frå Pride-paraden i 2022.

Homofili verkar også som eit problem for Sæbjørnsen. Eller eit av dei tre punkta han trekker fram for å «hjelpe oss å reflektere». Han påpeikar riktig nok at det finst nære og varme homofile forhold (flaks for oss), men trekker fram at det er kjenslene og ikkje kroppen som «vinnar kampen».

Eg kan forsikre Sæbjørnsen om at også kroppen «vinnar kampen» i homofile forhold. Vi slit heller ikkje med at kroppens funksjon ikkje blir fullbyrda, og til og med barn kan vi få dersom vi vil det. Det er ikkje takka vere kristen moral.

Sæbjørnsen vil ikkje provosere, seier han, men gjer det likevel. Ikkje fordi han vel homofili, abort og trans, dei tre minst originale tinga å vere moralsk ovanfor, men fordi han vel tre ting han verken kan eller vil forstå noko om.

Som Sæbjørnsen berre omtalar på eit kroppsleg vis, heilt utan å sjå menneska bak. Jenta som har tatt abort. Kvinna som blir kalla for mann. Mannen som blir slått ned for å halde kjærasten i handa.

Vi er frigjorde no, men kjenner framleis frykt for å få stygge kommentarar, skriv innsendaren. Biletet er frå då Kim Friele og Wenche Lowzow inngjekk partnerskap i 1993.

Om det er frigjering vi har, når vi i neste månad skal markere pride? Ja. Mellom anna.

Vi er frigjorde no, iallfall til ei viss grad. Men vi kjenner det framleis i kroppen. Ser det ut som ho skal spytte etter oss? Skal den fulle fyren invitere seg sjølv heim til oss? Fortelje oss kor digg han er i senga, og kor mykje vi treng ein penis? Kjem barna våre til å få stygge kommentarar fordi dei har to mødrer? Kjensla i kroppen tilseier at kropp og sinn jobbar saman, som andre stader i livet.

Og dersom Sæbjørnsen hadde hatt litt medkjensle med tanke på andre menneske sitt liv, i staden for å sjå seg sjølv som moralsk overlegen, så hadde han kanskje gjort eit lite forsøk på å forstå.

Publisert: