Her bør det kome leikeplassar i Bergen

Det hadde jo vore plass til ein leikeplass ved Festplassen, eller?

Kjære politikarar og utbyggjarar: Sjå på dette som ei ønskjeliste.

Publisert: Publisert:

Me må lage meir plass til barn i Bergen.

I Bergen sentrum finst det eigentleg ingen leikeplassar. Dermed blir ikkje bysentrumet den attraksjonen den burde vere for familiar.

Bergen sentrum er trongt, argumenterer mange. Og det er det. Det finst ikkje mange ledige, gode tomter. Men viss me skal vere heilt ærlege: Handlar det ikkje aller mest om vilje?

For det finst jo plass, viss ein bestemmer seg for det.

Her kjem difor ei ønskjeliste til politikarar og utbyggjarar, fullstendig utan omsyn til om det er realistisk:

1

La Solheimsviken leve utanfor kontortid

Mellom Moxy-hotellet og kontorbygget Skipet har det lenge lege ein stor open grusplass.

Den er solfylt, avgrensa og fin. Perfekt for ein leikeplass.

Solheimsviken er blitt ein plass kor folk berre er i kontortid, med mindre dei skal på legevakten. Det er ufatteleg dårleg utnytting av eit område som ligg så fint til.

Ein leikeplass ville løyst problem, for både folk og næringsliv.

Med eit godt nok tilbod ville familiar laga seg ærend her. Medan ungane boltra seg, kunne foreldra kjøpt kaffi, teke ein utepils og ete lunsj.

Slik blir det likevel ikkje. Leikeplass lønnar seg ikkje, utbyggjar GC Rieber skal i staden byggje endå eit kontorbygg. Og slik held Solheimsviken fram som ein plass folk drar til berre for business og beinbrot.

Les hele saken med abonnement