Eg kjem alltid til å vera den personen som spør om du har reiseforsikring

Ofte har eg grubla over om dette ikkje hadde skjedd, korleis ville då livet mitt vore?

Etter ulukka hadde innsendaren «eit hovud som var nokså knust» og ein legg knekt i to.
  • Ranveig Helle
    Bergen
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg er verken særleg religiøs eller overtruisk, men ein ting har alltid fasinert meg. Korleis både store og små hendingar i livet formar retninga di framover. Mange gonger har eg grubla over om det ikkje hadde skjedd, korleis ville då livet mitt vore? Er det skjebnen? Det er ikkje godt å veta.

Det eg veit, er at ein dag for cirka 14 år sidan var det ei hending som snudde opp ned på livet mitt.

I dag hugsar Ranveig Helle lite frå sjølve ulukka, men er glad ho hadde reiseforsikring på Asia-turen.

Eg var i starten av 20 åra, klar for tidenes reise – backpacking i Asia saman med ei god veninne. For å spara pengar til reisa vår, flytta ho inn på gjestesenga mi, me jobba alt me kunne og sparte kvar ei krona. Eller, bortsett frå ein svipptur innom Middelhavet for å slappa av litt rett før reisa vår skulle starta. Eg trengde rett og slett å lada opp litt etter mykje jobbing, og før seks månadar på reise.

Me hadde planlagt ein del av reisa på førehand, ordna visum og alt ein måtte ha før me starta turen i India. Etter planen skulle me avslutta turen med julefeiring i Kina før heimreisa.

Etter to fantastiske månadar på reis i India, Thailand, Laos og Vietnam, var me komen til Kambodsja, og dei komande reiseopplevingane stod framleis i kø.

Brått snudde reiseplanane.

Sjølv om dette berre er 14 år sidan, så var me ikkje så digitale som i dag. Eg hadde så vidt halde i ein smarttelefon før, og reiste faktisk utan telefon på turen. Me hadde med oss digitalt kamera og ein berbar datamaskin til reisebloggen, for å oppdatera venner og kjente der heime. Innimellom hadde me avtalt videosamtale med familie heime.

Mamma som var heime i Noreg, venta å høyre frå meg denne kvelden, og eg heldt alltid avtalane mine. Det siste mamma sa før eg skulle på reis, var jo sjølvsagt noko om kor redd ho var for at noko skulle skje med meg på turen. Det gjorde det altså denne dagen.

Eg hugsar eg vakna opp på sjukehuset i Kambodsja, eg viste ikkje kva som føregjekk, og eg kunne ikkje hugsa kva som var skjedd. Eg hadde vore i ei trafikkulukke.

Eg låg der blodig og urørt, for ingen ville ta i meg før dei visste at eg kunne betala for meg. Litt flaks i uflaks at den andre parten kom uskadd frå ulukka og fekk tak i veninna mi, som igjen kunne reisa til hostellet vårt for å hente reiseforsikringsbeviset mitt.

Heilt ærleg hugsar eg lite, og eg skal ikkje gå inn på detaljane. Kort fortalt hadde eg ein legg som var knekt i to, og eit hovud som var nokså knust. Eg trong operasjon, og det fort.

Eg hadde hjernebløding etter skadane. Sjukehuset ordna saman med forsikringsselskapet mitt eit fly som frakta meg til eit sjukehus i Thailand. Når eg ser tilbake til denne hendinga, pleier eg å snakka om hotellet eg var på, Bangkok hospital. Eg kunne nok ikkje ha hamna ein betre plass.

Reiseforsikringa redda livet mitt.

Ikkje berre redda reiseforsikringa livet mitt, men den endra òg retninga i livet mitt. Eg gjekk ikkje tilbake til jobben eg hadde permisjon frå. Bror min som skulle treffe oss på siste innspurt, måtte feira jul aleine i Kina. Mi kjære reisevenninna møtte mannen sin her heime den romjula, og dei er gift den dag i dag.

Sjølv fekk eg ein ny jobb, som førte til at eg møtte min fantastiske ektemann. Vidare har det ført til at eg har blitt ein engasjert hjortejeger i bratte vestlandslier, noko eg elles nok aldri hadde vist noko om. For eg kan legga til at alt blei bra til slutt, utan varige skader.

Tenk, korleis hadde livet mitt sett ut om det ikkje hadde skjedd? Så berre hugs den reiseforsikringa.

Har du nokon gong fått bruk for reiseforsikringa?

Publisert: