Årets budsjettblemme: Kryptoavgifta

Nytt statsbudsjett, ny dum avgift.

STRAUMSLUK: Ifølgje Gjermund Hagesæter i Kryptovault må selskapet stengje bitcoin-fabrikken i Dale fordi regjeringa vil ta vekk straumsubsidiane ved nyttår. Regjeringa bør utsetje avgiftsendringa, men ikkje for å redde Hagesæter & Co, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Noko av det mest idiotiske som har kome ut av den digitale revolusjonen er kryptovaluta. Bitcoin og andre digitale pengar blir skapt ved å bruke enorme mengder datakraft, som igjen krev enorme mengder straum. Til dømes skal Bitcoin-fabrikken Kryptovault i Dale bruke opp til 120 megawatt, like mykje straum som ein middels norsk by.

Blockchain-teknologien som desse digitale pengane er bygd på er både interessant og viktig. Men klimakrisa gjer at sløsing med energi til å produsere eit så unyttig spekulasjonsobjekt som Bitcoin er meiningslaust.

Difor skulle ein tru at alle andre jublar når regjeringa og KrF i statsbudsjettet foreslår å ta frå kryptofabrikkane retten til subsidiert straum. I dag får desse fabrikkane straum med ei superlåg elavgift, 0,48 øre pr. kilowattime. Går statsbudsjettet gjennom i Stortinget, må kryptofabrikkane ut med 16,58 øre, som er nok til å gjere dei ulønsame.

Problemet er berre at dei fire styringskameratane nok ein haust har funne på ei avgift dei ikkje har tenkt godt nok gjennom, akkurat som flypassasjeravgifta i 2015 og poseavgifta i 2016.

Skal vi tru bransjen sjølv, vil avgiftsendringa ikkje berre råke reine kryptofabrikkar. Den kan òg gjere at vanlege datasenter, som er eit av regjeringas satsingsområde, blir ulønsame over natta.

Det skuldast at blant dei mange kundane til fleire av datasentera, er det òg enkelte som «grev» etter kryptovaluta. Slik avgifta no blir forma ut risikerer datasentera difor avgiftshopp for heile senteret, ifølgje NHO.

Les også

Verdien på bitcoin faller tungt

Det tok ikkje mange dagane frå avgiftsendringa vart kjent til dei første datasentera melde om at milliardkontraktar hadde gått fløyten.

Så no smyg forslagsstillarane seg stille rundt på Stortinget, og prøver å unngå spørsmål om saka. Ingen vil ta på seg skulda for kryptoavgifta. Venstres Abid Raja bedyrar at dette ikkje var hans idé, sjølv om han tidlegare har tatt til orde for ei slik avgiftsendring.

Tysdag tok han eit retrett på vegner av Venstre, utan at nokon i dei andre tre partia protesterte. Raja foreslår at ein utset endringa eitt år, og i mellomtida greier ut saka. Fungerande NHO-sjef, Ole Erik Almlid, heiv seg på med varm støtte til forslaget.

Dei bør bli høyrde. Regjeringas rådgjevar i saka, Skattedirektoratet, meiner det er mogeleg å skilje digitale pengegravarar frå andre leigetakarar i datasentera. Men dei er ikkje spesialistar på teknologien, og reaksjonane frå næringa tyder på at dei kan ta feil. Å utsetje endringa, og greie ut saka skikkeleg, er difor lurt.

Datasenter gjev inntekter, arbeidsplassar og viktig infrastruktur for norsk IT-næring. Dei bør difor ønskjast velkomen. Men slike senter krev store, langsiktige investeringar, ofte i milliardklassen. Næringa er difor heilt avhengig av stabile rammevilkår.

Det er berre tre år sidan regjeringa gav datasenter same gunstige elavgift som tungindustrien. Då kan ein ikkje endre avgiftssystemet no, utan at ein er sikker på effekten for denne næringa.

Les også

I ei lita vestlandsbygd ligg Noregs størst bitcoinfabrikk. Korleis hamna den der?

Men det treng ikkje å bety at datasentra skal få det som dei vil. Ifølgje NVE tek kryptoutvinning ein tredel av dagens kraftforbruk i norske datasenter. Datasentra har med andre ord ei sterk økonomisk eigeninteresse av å blåse opp problemet med å skilje ut dei digitale pengegravarane.

Målet for utgreiinga bør difor vere å setje ein stoppar for subsidiar til produksjon av kryptovaluta.

Kanskje kan noko av problemet løyse seg sjølv. Verdien på Bitcoin har stupt det siste året, frå 20.000 til rundt 4000 dollar. Det vil nok dempe interessa for digital alkymisme, sjølv om den neppe forsvinn heilt. I alle fall så lenge gullgravarane blir sponsa av staten.

Publisert: