I ei lita vestlandsbygd ligg Noregs største bitcoinfabrikk. Korleis hamna den der?

Jakta på bitcoin har skapt eit lite bonanza i den vesle industribygda Dale. Men no kan det vere over.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

I den gamle tekstilfabrikken midt i bygda har selskapet Kryptovault grave ut bitcoin for millionar.

Billig straum, stabile politiske forhold og kaldt klima gjer Noreg eigna for å grave etter den mystiske kryptovalutaen.

Men no kan det gå mot slutten.

GRAVER: I den gamle tekstilfabrikken på Dale er Noregs største bitcoinfabrikk. Selskapet Kryptovault sine kundar er hovudsakleg asiatiske teknologiselskap som vil grave etter bitcoin.

Sinte naboar, bitcoin som stuper i verdi og nye reglar frå regjeringa bety slutten på bitcoin-jakta, både i Dale og andre stader på vestkysten.

Gjest i podkasten denne veka er journalist Einar Aarre.

Produsent er Henrik Svanevik.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Publisert: