Eg blir meir uroa for krig av å følgje forsvarsdebatten

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Sylvi Listhaug (Frp) kranglar om noko dei båe har ansvar for.

Alle har bygd ned Forsvaret. No er opprusting det beste vernet me har.

Publisert: Publisert:

Debatten går om Noreg kan bli råka av krig. Då finn Sylvi Listhaug (Frp) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) det opportunt å score politiske poeng på at Noreg bruker for lite pengar på Forsvaret.

Det er patetisk.

Noreg har systematisk bygd ned forsvaret over fleire tiår. Krig har vore utenkjeleg. No – ti år etter at Russland invaderte Ukraina – har pipa byrja å endre lyd.

Leiarane våre har ansvar for å hindre at folk blir unødig uroa for krig. Når eg ser to av dei krangle slik, blir eg meir uroa – ikkje mindre.

Det verkar rett og slett ikkje som politikarane våre tar situasjonen tilstrekkeleg på alvor.

Les hele saken med abonnement