Meininga i det nedgravne

I møte med økonomiske omstillingar meiner mange at fortida kjem i vegen for framtida. Men arkeologi gjer livet litt meir verd å leva.

  • Magnus M. Haaland
ARKEOLOGEN: «Som arkeologar trur eg me må erkjenna, særleg i møte med kritiske røyster, at ikkje alle tenkjer slik me gjer. Og utan allmenn samfunnsrelevans, vil kulturminneforvaltning og forsking få dårlegare vilkår», skriv Magnus M. Haaland.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

**- Eg høyrer** kva du seier, men kva kan du bruka denne arkeologien din til?

iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Det er onkelen min som spør.

— Kan du spikra plank? Kan du skru bil? Kan du reparera røyr?

Eg har alt prøvd å forklare han fleire gonger kva ei arkeologisk utgraving er. Til inga nytte. For han gjentek:

— Eg forstår ikkje dette, fortel meg kva arkeologi kan gjera for meg!

**Ja, kva kan** arkeologi eigentleg brukast til? Ofte er det private entreprenørar eller kommunar som spør, gjerne i forkant av at dei skal til å byggje ein veg.

For då vert dei «plutseleg» klar over at tiltaka dei skulle setje i verk, har kome i konflikt med eit freda, arkeologisk kulturminne.

Dette inneber ofte at arkeologar først må undersøkje grad av konflikt mellom den nye vegen som skal byggjast og eventuelle verneverdige kulturminne, og dernest om påviste kulturminne bør vernast for framtida eller fjernast ved utgraving.

  • Frøy Gudbrandsen: Det slitsomme ordet "omstilling".
    Arkeologisk forvaltning og forsking kostar pengar. Og stort sett er det er skattebetalarane eller private tiltakshavarar som betalar.

Dette er ikkje alle nøgd med eller ser logikken i. Anten fordi ein ikkje forstår kvifor ein grev, eller fordi ein ikkje er einige om kven som skal ta rekninga.

For nokre år sidan uttala for eksempel nåverande samferdsminister Ketil Solvik-Olsen at arkeologiske undersøkingar fort kan bli sett på som eit fordyrande og forsinkande herk, med potensial til å skapa store problem for utviklinga av samfunnet elles.

Frp-politikaren reagerte særleg på omfanget og talet på utgravingar, og stilte spørsmålsteikn ved om dagens praksis verkeleg var naudsynt.

Det same gjorde ein oppgitt ordførar i Herøy kommune, som nyleg spurde i ei riksavis: «Kor mange pilespissar treng dei eigentleg i kjellaren på Bergen museum?».

Djupast sett handlar saka om to ting. Den eine er korleis me skal vurdera verdien av abstrakt kunnskapsproduksjon opp mot meir handfast samfunnsutvikling.

Den andre handlar om kva det er me som samfunn bør taka vare på for oss sjølv og for ettertida. Der dei fleste humanistiske faga enn so lenge lever relativt beskytta i universitetsboblene sine, må arkeologar forholda seg til den fysiske verda utanfor.

Og akkurat no snakkar me om ei ganske røff verd, kor ein idealistisk, akademisk agenda møter privat næringsliv, politikarar og ikkje minst journalistar.

Måten journalistar vel å framstilla ei arkeologisk undersøking på, har mykje å seie for kva oppfatning folk får av han.

Tenk berre kor ofte overskrifter om arkeologiske funn vert karakterisert som «sensasjonelle», «historiske» eller «unike».

Samstundes kan ein ofte lese i avisa om korleis arkeologiske utgravingar bidreg til å utsetje utbygging av viktig infrastruktur. Då vert gjerne ord som «fordyrande» eller «hemmande» tidssluk brukt i overskriftene.

  • UiB-rektor Dag Rune Olsen: Vil du ha en jobb i fremtiden?
    Arkeologi vert altså framstilt både som noko utruleg spanande og eit samfunnsonde. Gjerne i ei og same avis!

Korleis påverkar eigentleg denne lett schizofrene framstillinga vanlege folk sitt syn på arkeologi? Kva speler inn når folk veg for og i mot: Er det den godt bevarte pilspissen eller den praktiske vegen?

Dei fleste eg møter har eit positivt grunnsyn på arkeologi. Men så snart noko litt viktig står på spel, gjerne i lokalmiljøet, då er ikkje alle samde om kor verdifulle dei arkeologiske funna eigentleg er.

Som i alle verdispørsmål vert sjeldan alle samde om kva den beste løysinga er. Men god og berekraftig forsking— og forvaltningspraksis kjenneteiknast ofte av at dei grunnleggjande prinsippa som ligg i botn, er forstått og funnen rimeleg av eit fleirtal av befolkninga.

Ei polarisert framstilling av arkeologiske undersøkingar gjer ikkje folk betre i stand til å vurdera om det arkeologar finn og driv på med, verkeleg er nyttig eller viktig for dei.

Dette ingen er tent med, minst av alle kulturminna!

Så kva kan gjerast? Som arkeologar trur eg me må erkjenna, særleg i møte med kritiske røyster, at ikkje alle tenkjer slik me gjer. Og utan allmenn samfunnsrelevans, vil kulturminneforvaltning og forsking få dårlegare vilkår.

Dette gjeld særleg i ei tid der samfunnet vårt opplever store omstillingar og nedskjeringar. I ein slik situasjon blir det feil å tru at interessante og unike funn er det same som samfunnsrelevante og samfunnsbyggjande funn.

Eg meiner at arkeologi kan væra begge deler, men at koplinga må gjerast oftare og meir eksplisitt.

Arkeologi handlar nemleg ikkje berre om fortida. Den auka livsverdien ei arkeologisk oppleving kan gje oss i notid, skal ein til dømes ikkje kimse av.

Den tilfredsstillande roa av å spasera gjennom eit tusen år gammalt kulturlandskap, den ilande vørdnaden for tidlegare generasjonars strev, den leikande tanken på korleis noko kan ha vore eller kan sett ut.

Der ingeniøren moglegvis kan leggje til rette for eit praktisk liv på jorda, kan arkeologen fylle det med undring og meining.

Denne type erfaringar har ingen prislapp, og lykkekjensla dei gjev, kan ikkje målast i kroner og øre.

Derfor gjev kanskje ikkje pilspissar mat på bordet, men kunnskapen om dei og andre funn, gjer livet litt meir verdt å leva. Og det er i alle fall nyttig for meg, i ein elles travel kvardag.

Publisert: