Her gjeld det å halde tunga beint i munnen

Fredinga i Fløen gjeld berre dei arkeologiske spora, ikkje parsellhagen eller landskapet.

 VANLEG FORNMINNE: Dei arkeologiske undersøkingane i Fløen resulterte i funn av automatisk freda kulturminne – spor etter forhistorisk åkerdrift og kokegroper. Men funna er av vanleg førekomande fornminnetype, skriv fylkeskonservatoren.
  • David Aasen Sandved
    David Aasen Sandved
    Konstituert fylkeskonservator, Hordaland fylkeskommune
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I ein by tett med kulturminne må kulturminnemyndet gjere ei prioritering over kva ein først og fremst vil verne om for å ikkje stoppe utviklinga av samfunnet. Etter å ha vurdert alternativa nøye, ser vi at det som er viktigast – det vi minst har råd til å miste – er det heilskaplege kulturlandskapet ved Årstadvollen og Årstadgeilen. Her ligg gamle ferdsleårer og gravhaugar, og kjelder fortel om eit høvdingsete alt på 300-talet e.Kr.

Planforslaget som no er til høyring, er ei kompleks sak. Det er store dimensjonar på det som skal kome i eit trongt område mellom li og sjø. Så langt har ein klart å greie ut to alternative traséar opp til Haukeland som er mogelege å byggje. I begge tilfelle vil folk måtte flytte, og verneverdige kulturminne vil verte råka.

Les også

Avsporing i Fløen

Bergen er i nasjonal samanheng rik på kulturminne frå steinalder fram til i dag. Det ligg i byen sin natur at den utviklar seg bokstaveleg talt lag på lag. Kulturminneforvaltninga si utfordring er å forvalte desse kulturminna på vegner av fellesskapet og for komande generasjonar, samstundes som notida utviklar seg og sett sine spor.

Alle fysiske spor etter menneskeleg aktivitet eldre enn 1537 er etter norsk lov automatisk freda. Ein ønskjer å bevare slike freda kulturminne i størst mogeleg grad i jorda der dei ligg, men i nokre tilfelle må forvaltninga vekta nytta av planlagd tiltak opp mot verdien av kulturminna. Tiltak som har store samfunnsmessige verdiar, kan vege tyngre enn kravet om vern av kulturminna. Riksantikvaren, som er øvste faglege mynde for forvaltninga av arkeologiske kulturminne, kan i slike tilfelle gje dispensasjon og tillate inngrep i eller ved det automatisk freda kulturminnet.

Dei arkeologiske undersøkingane i Fløen resulterte i funn av automatisk freda kulturminne – spor etter forhistorisk åkerdrift og kokegroper. Men her gjeld det å halda tunga beint i munnen, for det er ikkje slik at parsellhagen i seg sjølv er freda, eller at landskapet den er ein del av er «freda ved lov». Fredinga gjeld berre dei arkeologiske spora.

Les også

Kulturkonflikt om bybanebygging

Funna i parsellhagen viste seg å vera av vanleg førekomande fornminnetype. Vekta opp mot eit tiltak av vesentleg samfunnsinteresse, konkluderte Riksantikvaren med å gje løyve til inngrep i dei automatisk freda kulturminne med vilkår om ei vitskapleg utgraving. Vurderinga om løyve til inngrep her er fagleg kvalitetssikra av Universitetsmuseet i Bergen.

Diskusjonen ser vi no har spora av til kor holet i landskapet skal vere. Bybanen med haldeplass, skjeringar og store rampar for gang- og sykkelveg er faktisk mykje større enn dette.

Vel så viktig som funna i Fløen er spora frå fortida som faktisk er synlege for oss, og som i like stor grad er med å skape ei oppleving av kontinuitet. Sjølv om husa i Årstadgeilen er frå tidleg 1900-tal og Årstadgeilen er asfaltert veg, så er det framleis mogeleg å lese dei gamle kulturhistoriske samanhengane i dette landskapet. Det kan framleis fortelje korleis ein gammal kongsgard kan ha lege her slik kjeldene fortel.

Det leselege landskapet gjev ei ramme kring dei ulike kulturminna vi sit att med i dag. I dette landskapet ligg framleis Årstadgeilen – ferdsleåra mellom Årstadvollen, der ein reknar med at høvdingsete og kongsgard har lege – og Store Lungegårdsvannet, der hamna må ha lege. Ser ein det på avstand, vil husa som flankerer vegen røpe kor den ligg i landskapet, og kva den bind saman. Frå Ole Bulls plass kan ein sjå like ned den eine hovudaksen i byen, som peikar mot området der Bergen har sitt opphav. Store konstruksjonar framom her vil stå i vegen for landskapet si evne til å fortelje.

Les også

Byrådet ønsker ikke at vi engasjerer oss

Vi sitt igjen med ei vurdering og ei tilråding mellom to alternativ, der begge har negativ verknad på dei lokale kulturminna. Det er ikkje enkelt å gjere prioritering i ei slik sak. Kulturminnemyndet ser alltid etter alternativ og løysingar som har minst negativ konsekvens for dei viktigaste kulturminna våre. I denne saka vil dei store konstruksjonane vere synlege i vid omkrins, og vi må dermed også vurdere opplevinga av landskapet dei ulike kulturminna ligg i. Difor landa vi på den sørlege traséen gjennom Fløen og ikkje gjennom Årstadgeilen. Fylkeskonservatoren, Riksantikvaren, Universitetsmuseet i Bergen, Bergen Sjøfartsmuseum og Byantikvaren er på linje i saka.

Det er ikkje tvil om at Bybanen er eit tiltak som har svært stor samfunnsnytte. I lys av det har vi vurdert at konsekvensane for kulturminneverdiane i Fløen ikkje er så alvorlege at vi vil stå i vegen for prosjektet. Fylkeskonservatoren har gjeve tilråding til traséval, men ikkje sett krav om det eine eller andre. Det er Bergen kommune som skal vedta kor Bybanen skal gå.

Publisert: