På skulen vart eg utestengd, for eg var verken jente eller gut

Vi er dessverre langt frå ferdige med å kjempe for rettigheitene våre.

I fjor heldt Stijn Poland tale under Pride-markeringa i Sogn og Fjordane. I år vert feiringa digital.
  • Nordfjord
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Denne månaden skulle det eigentleg ha gått fargerike tog gjennom gatene.
Månaden der vi feirar at vi kan få vere oss sjølv og at alle er inkluderte.

Pride betyr ekstremt mykje for mange. I tillegg til at det er ein måte å kjempe for
rettigheitene våre på. Det er absolutt nødvendig å ha Pride, og vi er dessverre
fortsett langt frå ferdige med å kjempe for rettigheitene våre.

Eg personleg har strevd i mange år med prøve å «passe inn» i samfunnet, og
allereie før eg fekk mogelegheita å kome ut av skapet vart eg mobba. Eg var rett
og slett annleis. Mobbinga førte til store psykiske vanskeligheter.

Heldigvis tok eg litt igjen på mobbarane rett før eg byta skule frå 9. til 10. klasse. Kvelden før siste skuledag i 9. klasse klipte eg alt håret mitt kort. På den nye skulen min vart eg utestengd, for eg var verken jente eller gut.

Vidaregåande gav meg ein mogelegheit for å starte heilt på nytt. Ingen skulle
lenger få lov til å trekke meg ned berre fordi eg var trans og bifil. Det var som om det gjekk opp eit lys for meg.

Viss eg ikkje kjempar for meg sjølv og dei som har det tøft, då får vi aldri det samfunnet alle ønskjer seg. Eit samfunn der alle kan få vere seg sjølv, det er draumen. Vere seg sjølv uansett rase, alder, kjønn eller legning.

Les også

Fått med deg BT-serien: «Derfor snudde jeg»?

Pride for meg er alle dei kjenslene det gir meg. Dei negative kjenslene som blir
overdøyvd av alt det positive. Plutseleg så blir ein minna på at ein ikkje er
aleine, det er så mange fleire!

Ein får ein påminning om kvifor ein kjemper for at ein skal få eit betre liv, for ein kjemper ikkje berre for seg sjølv men også alle som kjem etter. Pride viser at vi er mange og at vi er sterke i lag.

Sidan eg er open om at eg er skeiv, har eg fått lov til å hjelpe andre. Dei har
komen bort til meg og hatt lyst til å snakke og høyre om korleis eg torde å stå
fram som open skeiv.

Pride gir dei motivasjon til å ha lyst å kome ut av skapet sjølv. Det gir ein motivasjon og ein støtte. Det visar at det vil alltid vere folk der ute som vil akseptere deg for den du er! I tillegg så visar det at andre ikkje skal få lov til å fortelje oss kven vi skal vere. Vi er alle menneske og alle menneske er unike på kvar sin måte.

Det er viktig å markere Pride uansett. Ingenting skal få hindre bodskapen Pride
har med seg, nemleg at det er greitt å vere seg sjølv. Ein trengjer ikkje å passe
inn i «boksane» som samfunnet har skapt over åra.

Pride gir ein følelsen av å ikkje vere aleine. Kanskje til og med den siste motivasjonen ein treng for å endeleg tørre å kome ut av skapet.

Innlegget vart først publisert hos Framtida.

Publisert: