Lær deg homsesex, Vebjørn Selbekk

Viktig melding: Eg har ikkje tenkt til å rive ned samfunnet sjølv om eg er homo.

IKKJE AKKURAT EI PARADEGREIN: Det meste går gale når Dagen og Vebjørn Selbekk skriv om pride-feiringane.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

På nokre område er det litt rart å vere skeiv. Noko av det absolutt raraste er å lese kva kristenkonservative skriv om oss.

Denne gongen er det den kristne avisa Dagen med redaktør Vebjørn Selbekk som har teke på seg jobben med å fortelje korleis vi homofile er, kva vi driv med og kva som er målet vårt. Det gjekk som det måtte gå.

Måndag 3. juni hadde Dagen ein leiarartikkel med den djupt illevarslande tittelen «Når Pride-bølgen kommer». Avisa meiner pride-feiringa viser at samfunnet «ukritisk hyller­ en revolusjon som på sikt kan få svært dramatiske­ og uheldige konsekvenser for både enkelt­mennesker og fellesskap».

Les også

Vebjørn Selbekk svarer: «Lære meg homsesex? Nei takk.»

Å, korleis då?

Jo, «Hele Pride-ideologien legger etter vårt skjønn opp til en grenseløs utfoldelse av kjønnsdrift og kjønnsuttrykk som truer stabilitet og trygghet for enkeltmennesker, ikke minst barn og unge».

Så då eg og 27.000 andre gjekk gjennom bergensgatene i paraden tidlegare i juni, var vi rett og slett farlege for samfunnet.

Eg veit ikkje om Dagen på noko tidspunkt hugsa på at det er ekte menneske dei skriv om.

Dagen er elles ei avis som er bygd på seriøsitet og kunnskap, så eg la til ein kommentar under leiaren på Facebook. Det same gjorde Minerva-skribent Ivar Staurseth.

Dermed fekk vi æra av å bli svart med ein ny homo-leiar i Dagen denne helga. Dei er rett og slett utruleg opptekne av den slags, tydelegvis. I leiaren «Pride – en gang til» startar det godt.

«I ettertid ser vi at noen av formuleringene i lederen kunne oppfattes annerledes enn de var ment», skriv Dagen. Det er bra med ei slags erkjenning av at dei ikkje akkurat var på sporet av fakta i den fyrste leiaren.

Les også

BT meiner: Framleis ikkje i mål

Men så går det fullstendig i ball igjen. For Selbekk og Dagen forstår verkeleg ikkje ein døyt av kva pride-feiringa handlar om.

Dei legg til grunn at om ein deltek på Regnbuedagene eller andre pride-feiringar, er det ikkje lett «å skille arrangementet fra arrangørens agenda».

Leiarartikkelen går gjennom prinsipprogrammet til Fri – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold – og ser ut til å meine at det er dette vi går i tog for.

For å ta eit døme: Fri går mellom anna inn for å reversere sexkjøpslova.

Men når politiet går i paraden, er det ikkje fordi dei marsjerer til støtte for endring av lovverket på avgjerande punkt. Det same gjeld partia og svært mange av deltakarane i toget – meg sjølv inkludert.

Eg går også i tog på 17. mai, men ikkje for å hylle regjeringsplattforma.

Les også

Jens Kihl: Er det berre eg som er prippen?

Så kva er det som gjer at tusenvis gjekk i tog i Førde i helga, eller at endå fleire vil fylle gatene i Oslo på laurdag? Det er ikkje fordi vi vil øydeleggje for nokon andre, i alle fall.

I år er det femten år sidan eg kom ut av skåpet. For det meste har det gått heilt fint.

Men i ungdomsåra blei eg banka opp både ein og to gongar fordi eg såg homofil ut. Det var ikkje spesielt artig å sitje utanfor sløydsalen og vite at det stod ein heil gjeng og venta på meg.

Det verste var at grunnen til at dei ville banke meg var noko eg ikkje kunne gjere noko med: Eg er Jens. Eg er skeiv.

Eg har fleire gongar gått heim frå byen saman med ein annan mann og fått tilrop av det veldig lite hyggelege slaget. Då har eg vore skikkeleg redd. Det unner eg ingen å oppleve.

Dette er nokre av grunnane til at eg går i tog. Derfor er ikkje Skam-parolen «Alt er love» eit døme på «temmelig innholdstomme slagord», slik Dagen skriv.

Det er rett og slett eit ønske om at ungdom i den kristne idrettsorganisasjonen Krik skal ha lov til å få verv sjølv om dei er skeive. At lesbiske skal få lov til å bu saman på Jæren, midt i bibelbeltet, utan å få heimen ramponert. At trussamfunn skal slutte med sine forsøk på å «kurere» homofili. At ungdom skal få vere trygge til å leve som dei vil, sjølv om dei ikkje definerer seg som mann eller kvinne.

Les også

– Dette er så stort. Paraden blei større enn eg kunne førestilt meg

Les også

Jija flyttet til Bergen for å leve fritt med kjæresten. Men livet som trans var enklere i Libanon, sier hun.

Så på eitt område har faktisk Selbekk rett, nemleg når Dagen skriv at «Kort sagt dreier det seg om en aktiv og offensiv innsats for oppløsning av strukturer som har vært bærende i vår sivilisasjon i hundrevis av år».

Mange av dei strukturane som har vore der sidan gamaltestamentleg tid, må bli endra på.

Eg har ikkje peiling på korleis Vebjørn Selbekk lever livet sitt. Kanskje har han kone og to ungar. Kanskje har han tre koner. Kanskje er han gift med tanta si. Kanskje har han slavar.

Alle desse familieformene er å finne i Bibelen. Mange av dei har vi gått bort frå. Det er bra.

Eg er heilt uinteressert i korleis Selbekk organiserer familien sin. Det eg ønskjer meg, er den same, manglande interessa tilbake. Så lenge vi lever innanfor lovverket og med respekt for kvarandre, bør vi få lov til å vere den vi er.

Det kan sjå ut til at Dagen er nesten manisk opptekne av alt som har med homofili å gjere. I skrivande stund har avisa ni saker om pride, skeivt samliv og homopolitikk på framsida av nettavisa si.

Dagen er den avisa som har hatt ordet «homofili» på trykk flest gongar i år, ifølgje medieovervakingstenesta Retriever.

Dagen må få lov til å skrive om nett kva dei vil, men korleis kan så mykje homojournalistikk gje så lite kunnskap til leiarskribenten?

Det er rett og slett på tide at Dagen-redaktøren set seg inn i sakene.

Lær deg homsesex, Vebjørn Selbekk.

Publisert: