Er det berre eg som er prippen?

Det kom aldri noko metoo-oppgjer for homofile. Men det trengst.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Eg er omtrent 20 år og på ein konferanse i ein annan by enn den eg bur i. På laurdagskvelden kjem eg i snakk med ein av professorane som har halde føredrag. Han roser meg for å vere ein gløgg type. Det blir spandert øl, og eg er akkurat så blakk som ein tjueåring gjerne er. Fint med øl.

Så tek festen slutt. Eg skulle bu hos ein kompis av ein kompis, og planen var eit liggjeunderlag på eit golv i ein studentby utanfor sentrum. «Men eg har jo ein plass til overs på mitt hotellrom.» Det er ei perfekt løysing. Fyren er gift og har ungar og greier. Null stress. Eg tenkjer ikkje at dette kunne vere noko anna enn eit godt svar på overnattingsproblemet. Eg kunne til og med sleppe å betale nattbussen.

På hotellrommet endrar alt seg. Han blir meir klengete. Så går han på badet og kjem ut igjen utan klede. Han legg seg inntil meg. Eg kjem aldri, aldri til å gløyme den kjensla av beina hans som legg seg inntil mine. Hendene hans mot kroppen min. Kjensla av å ikkje vite om eg har kontroll. Å vere på eit hotellrom på andre sida av landet med ein mann som er to og ein halv gong så gamal som meg sjølv.

Heldigvis stoppar det. Han sovnar, eg riv med meg sakene mine og kjem meg ut. Eg ringjer ein ven og ting ordnar seg. Men korleis kunne han tenkje at det var greitt å lure meg på den måten?

Det siste året har metoo-kampanjen sett politikken og andre delar av norsk og utanlandsk samfunnsliv på hovudet. Men for oss som er skeive har det vore heilt tyst. Ja, det har vore saker om folk som Kevin Spacey, men kva som skjer i Hollywood kjennest ikkje særleg overførbart til mitt liv.

Les også

Anne Rokkan: Kor e alle menn hen?

Kvifor kom det aldri noko metoo-oppgjer for alle oss skeive? For gud hjelpe meg som det trengst. I arbeidet med denne kommentaren har eg prata med andre homofile; fyrst og fremst menn. Og historiene kjem ramlande: Upassande kommentarar frå ein kollega, grisete invitasjonar frå sjefen, hender som grafsar, folk som ikkje tek eit nei for eit nei. Alle har noko dei vil fortelje.

For min eigen del skjer det ganske ofte. Ein ting er at nokon kan feiltolke eit signal ute på byen. Men ganske ofte er vi eit hierarki: Du er eldre enn meg, eg er sjefen din, ho er heilt nytilsett, han har vore med i partiet mykje lengre enn henne. Då gjeld det å ikkje misbruke posisjonen sin. Det er eigentleg ikkje så vanskeleg.

Historia over er meir enn ti år gamal, men ho sit framleis i meg. Den gongen blei det ordna godt opp, men kjensla av å ikkje ha kontroll over sin eigen kropp er skikkeleg, skikkeleg dårleg. Heldigvis er ikkje dette kvardagen, men små og store episodar kjem rett så det er.

I haust var eg på ein fest. Dei fleste på festen kom frå politikk og journalistikk. Det er ei sånn gråsone der du ikkje er på jobb, men du har heller ikkje heilt fri. Det er ikkje spesielt seint på kvelden. Så kjem det to hender og legg seg på rumpa mi. Dei tilhøyrer ein som eg ikkje kjenner spesielt godt, men som har ein jobb som gjer han til ei kjelde eg har bruk for å kjenne.

Det fyrste eg tenkjer er at dette må eg løyse. Det er mitt ansvar at ikkje dette kjeldeforholdet går i vasken. Eg flyttar meg til stova, og etter eit kvarter er hendene tilbake. Då det skjer for tredje gong, på eit tredje rom, tenkjer eg at det er på tide å reise heim.

Det er fyrst heime eg blir sur. Kvifor er det mitt ansvar å løyse ein sånn situasjon? Kvifor skal han gjere det umogeleg for meg å bruke han som kjelde framover? Kvifor gjev han seg ikkje når eg går min veg – gong etter gong? Trudde han at metoo-kampanjen ikkje var for han?

Les også

Jens Kihl: Trakassering som laurdagshygge

Så kvifor er ikkje dette temaet meir omtalt? Det kan verke smalt, men det er trass alt ein del homoar der ute – av alle kjønn.

Sjølv trur eg det har noko å gjere med homoidentiteten. Det einaste som samlar alle skeive, er jo at seksualiteten vår skil seg frå det klassiske, heterofile livet. Med andre ord: Er du fyrst skeiv, er du «seksualisert» på ein annan måte.

Vi har allereie kome ut av skåpet, og då er vel poenget at vi skal vere litt ekstra seksuelt frigjorde. Heterofile har ikkje gjort den same reisa. Eg trur resultatet er at vi i større grad enn andre slår vitsar om sex og er litt meir frampå. For kan du tenkje deg noko meir sjølvmotseiande enn ein prippen homo?

Samstundes er ein mann framleis ein mann. Og også heterofile menn har problem med å setje grenser. Når stereotypien om deg er at du er ein slags hingst, sit det lengre inne å seie nei takk.

Vidare trur eg vi i mindre grad enn heterofile er klar over dei grensene som finst mellom oss. Som mann kryssar du ei line når du legg hendene dine på ei kvinne. Den lina finst ikkje på same måte når båe er av same kjønn. Men den viktigaste grensa er framleis der: Dette er min kropp. Berre min.

Dette har også støtte i forsking. Ein av dei aller fremste ekspertane på dette feltet heiter Helge Hoel og er professor emeritus ved universitetet i Manchester – og tilfeldigvis bergensar. Hans forsking viser at det er klare tendensar til at vi seksualiserer homofile, og særleg homofile menn, meir enn andre.

Les også

Jens Kihl: Stille i fjøset

Men også heterofile går lengre med homoar enn med andre: Både menn og kvinner kan gje ein homo eit klaps på rumpa og seie «de liker jo sånt». Og dette aukar jo meir «klassisk» homo ein mann ser ut og jo opnare han er om at han er homo.

Frå anna hald veit vi at skeive drikk og festar meir enn resten av folket. Fingrane er gjerne litt ekstra lange langs bardisken. I min bransje, til dømes, er alkohol ein del av det som skal til for å byggje kjeldenettverk.

I sum er homofile heilt klart meir utsett for seksuell trakassering og uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen og ute i livet elles.

Men om nokon skulle lure: Homoar synst det er akkurat like lite gøy med slengkommentarar, hender som tafsar eller upassande invitasjonar som det alle andre synst.

Og svaret på spørsmålet i tittelen er nei. Eg er ikkje prippen. Men eg krev å få setje grensene mine sjølv.

Publisert: