Kva skjedde då du bada sist?

Bading er enkel moro. Bading er hard realisme.

KAPITTEL: I dette elementet kan du nærast festa og plassera livet. Og til slutt er det fullt av små, fuktige kapittel, skriv BT-journalist Guro Valland.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Eg har bada i fjorden så lenge eg kan hugsa.

Noko av det kjekkaste eg visste var å hiva meg uti med redningsvest og berre liggja der.

Opp og ned. Skvulp, skvulp.

Eg låg og duppa innanfor Herandsholmen i Hardanger.

Ekstra stas var det då cruiseskipa dukka opp i horisonten. Då visste eg at underhaldninga var på veg.

Det var berg- og dalbane, og det var berre eg og lyden av rullande, store bølgjer.

Målet var å vera uti ved påsketider.

Du kan jo tenkja deg temperaturen.

På land stod mamma og pappa og hutra. For eit syn.

Men uti skulle eg.

Som regel vart det ein rask seanse den dagen. Det viktigaste var å få det til.

Kuldesjokket frå den kalde fjorden fekk låra til å koka. Lilla lepper, vått hår. Endorfin og adrenalin i blodet.

Herregud så gøy det var! Og herregud så lett det var å leva som barn.

Å bada i fjorden er eitt av mine sterkaste vårminne. Så leverte både vatn og sjø resten av året.

Heime på Voss fanst det fleire kjelder.

Iskaldt på utebadinga eller glovarmt i terapibassenget. Krål, bryst. Sittestup frå «femmen».

Eg hadde både mareritt og draumar om Magesuget. Høyrde skrekkhistorier om barberblad i badeskliene.

Men i alle feriar skulle eg til badeland.

Bø i Telemark, Fårup på Nord-Jylland, Tropicana på Gol, Frognerbadet i Oslo. Slik var det berre.

Bading har ein eigen evne til å få tid og stad til å stå stille.

Å bada i elv på fjellet, til dømes, er eineståande. Du hugsar korleis vêret var, temperaturen, stemninga, fargane på trea.

Detaljane kringom tek liksom tak i deg når du samstundes driv og plaskar. Hjernen fungerer slik.

I dette elementet kan du nærast festa og plassera livet. Og til slutt er det fullt av små, fuktige kapittel.

Du går frå armringar og badebelte til din første bikini. Du ser venene dine nesten nakne.

Det er anten for kaldt eller for varmt. Det er tang og tare langs låra, og du fell med hovudet pladask på vasski.

Bading er enkel moro. Bading er hard realisme.

Og bading er kryptiske beskjedar til gymlæraren i meldingsboka, som aldri sa noko, berre nikka.

Før du neste veke låg i ein obskur posisjon langs bassenget og øvde på beinspark.

Eg rakk ikkje påska, men førre helg vart det årets første. Nett uti og opp att frå fjorden.

Enno var Herandsholmen kulissa. Og det var omtrent like kaldt som snøen på fjella attmed.

Denne gongen hadde eg selskap. Så eg kan faktisk festa og plassera livet i dette elementet.

Kva skjedde då du bada sist?

Publisert: