Nokon har stått opp før deg, for di skuld

På eit fjell, i ein skog. Ved sjøen. Takk til naturens frivillige.

FRIVILLIG: Truls Hauge (til v.) og Arne Larsen er med i laget som køyrer løyper på Reimegrend utanfor Voss.
Publisert: Publisert:

iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Lite slår kjensla av ei veldriven løype i naturen.

Det er som om ruter går i arv og den genetiske dugnaden forpliktar.

Nokre stader står engasjementet så sterkt at det held lokalsamfunn saman.

Andre stader står takksemda så sterkt at hyttefolk vert verande i generasjonar.

Saman brukar løypelaga tida si på andre.

Vinterstid er høgsesong for dei som jobbar gratis for deg og meg.

Kan henda arbeidet vert meir tydeleg då, som spor i snøen.

Medan du og eg skal til pers, tek dei lokale ekspertane i staden fram maskineriet.

Me har knapt vakna før dei troppar opp med musklar og prepareringsutstyr.

Og så blide dei er, då.

Løypelaga har ein eineståande evne til å tenkja meir på andre enn seg sjølve.

Når snøen er vekke, vert skogen rydda. Når snøen er komen, vert spora børsta.

Han og ho kunne vore ein heilt annan plass, men dei vel annleis.

For nettopp her, og berre der, formar dei naturen for å skapa god stemning.

Er ikkje det flott?

FRIVILLIG: Truls Hauge og Arne Larsen (til h.) jobbar med ei løype på Reimegrend.– Me køyrer etter vaktlister og finn stor glede i å bidra, seier Larsen.

Hundrevis av lag finst over heile landet. Løypefolket jobbar heile året.

Planar og omhugsame lister, alt er lagt til rette for å næra fridomskjensla.

Som oftast heilt frivillig, knapt ei krone, kanskje noko kaffi får dei som betaling.

Kan henda dei tek seg ein velfortent fest.

Men raskt er det ut att, for ruta er bratt, og full av kratt.

Dei reinskar stiar du går i. Dei lagar løyper du spring i. Til jogg og på ski.

Er du heldig, får du lys med på turen.

Du kjenner korleis den stive kroppen vert mjuk av all stakinga i ei opplyst løype.

Og av synet: Ho er perfekt preparert.

Og av lyden: Det knirkar når stavane treff krystallane.

Du heng på det klassiske, du sklir fint i padlinga.

Ein vert beint religiøs av å kjenna på røynslene frå ei veldriven løype.

Kupert, men ikkje for tung. Ho kjennest flat, men du veit kvar du kan både få og ta.

Og du kikkar opp og ser stjernene. Og så skjønar du at her har løypefolket vore.

Dei veit best kva skog som må vekk for at tida du legg att skal henga i.

Full tillit.

Før var det plakatar på nærbutikken. No er det snøkvite meldingar på veven.

Løypefolket snakkar rett inn i hjarta mitt der.

Det kjem bilete og ord om vêr og føre, og me legg att hjarter og tomlar opp.

Og så spør me og dei svarar, og det går raskt og me legg planar.

Samkvem i noko allment tilgjengeleg, men som likevel kjennest personleg.

Slik er naturen, slik er utelivet. Eit minste felles multiplum som berre er der.

På eit fjell, i ein skog. Ved sjøen. Nokon har stått opp før deg, for di skuld.

Publisert: