«Første flytur fra nye Flesland, jeg savner den gamle»

Osloturen med ein gjeng frå Bergen vart eit studium i separasjonsangst.

GOD HELG: For bergensbarnet er det nye alltid litt kjipt, det gamle alltid litt betre, skriv BT-journalist Guro Valland.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Separasjonsangst er ein diagnose. Strengt tatt eksklusiv for barn, men etter å ha vore på helgetur i Oslo med ein gjeng frå Bergen, er det tydeleg at diagnosen har identiske trekk med bergenspatriotisme.

La oss byrja med angst.

Vesentleg er det at angsten vert utløyst av sjølve forflyttinga, altså når bergensbarnet fysisk kryssar bygrensa.

For den eine i gruppa melde uroa seg allereie før han hadde forlate Bergen:

«Første flytur fra nye Flesland, jeg savner den gamle».

For bergensbarnet er det nye alltid litt kjipt, det gamle alltid litt betre. Dette vert også avslørt i arvematerialet til ein drøss med bergensarar.

Individa på toppen av patriotismeskalaen ber alle på genet «brustein» og genet «bekkalokk». Dette er DNA som styrer verdsoppfattinga. Bergen er sentrum av universet og De Syv Fjell dei sju underverk.

Oppsiktsvekkjande er det at desse to gena også er funne hjå andregenerasjons innflyttarar.

Størst utslag er det i opphav frå pittesmå bygder. Me snakkar utbrytarar som har slått seg ned i den urbane byen fordi «det isje e’ nåkke poeng å bo i Bergen hvis isje du bor i sentrum».

Innflyttarar i knøttsmå trehus utan hage, er i ein genetisk klasse for seg. Forskarane har valt å kalla genet «tohustettitett», og har med dette bevist at det er mogeleg å skapa nye bergensarar.

Det er bra for patriotismen, men mindre bra for separasjonsangsten.

Les også

Kjære student. Om du skal oppfylla ei rolle, oppfyll di eiga.

Omsorgspersonar, vener, kollegaer:

Snakk aldri om planlagde turar som gjer at bergensbarnet ser føre seg å forlata kommunegrensa. Dette kan i verste fall føra til alvorlege tilfelle av isolasjon. Utvikling av svømmehud og augo som berre ser innover, har førekome, i tillegg til skadar på skarre-nerven.

Mor og far: Prøv å minimera bergensbarnets ibuande tvil.

Lær avkomet å undertrykka umiddelbare negative tankar. Når austlendingen ber bergensaren om å definera austlendingar, ikkje svar slik:

«Østlendinger har ingen humor!»

Mange bergensbarn utviklar forakt for det ukjende fordi dei har arva det.

Skepsis. Det er genetikk i praksis.

Genet «hemsko», på folkemunne «hem», er difor sterkt representert i absolutt alle bydelar i Bergen. Bergensbarn født etter 2007 i nærleiken av Brann Stadion, har ekstremt høge verdiar av hem.

Ingen vil ta livet av ein bergensar, men nøkkelordet for å minimera skepsis er å vera konsistent:

Foreldre som seier at «det finnes en verden utenfor Bergen», men som nonverbalt kommuniserer at berre «Bergen er verden», er falsum for bergensbarnet.

For å utvikla gen som ser lengre enn Ulriken, må det jobbast systematisk.

Ein enkel idé er å dra på båtferie til Nordhordland. Då vil krysseffekten redusera tohustettitett, under føresetnad av at brustein og bekkalokk er i endring, utan å neglisjera hem.

Er du ekstra heldig, klarer bergensbarnet å utvikla eit heilt unikt gen, også kalla «Vestlandet».

Vestlandet jobbar mot angst og skepsis automatisk. Genet hadde ekstremt høge verdiar hjå komponisten Ole Bull, som allereie i 1831 drog til verdsmetropolen Paris med hardingfele.

Eit heitt forskingstema er at fylkessamanslåinga kan gje ein boost for Vestlandet hjå bergensbarn født i og etter 2017. Snakk om flaks at dette også er året den nye terminalen opna på Flesland.

Publisert: