Eg gløymer aldri jula eg såg bygdas transe måka snø

Det var eit mektig syn. Ja, vakkert var det.

VERDIAR: Når ein sjømann kan få vera kvinne i ei lita bygd, seier det noko godt om det samfunnet me alltid må ønskja oss, skriv BT-journalist Guro Valland.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Bilen sleit seg oppover den slake bakken, og eg måtte vera forsiktig med gassen.

Bygda var kvit frå nattas arbeid der oppe, så kvit som berre Voss kan verta på ein julemorgon som dette.

Eg var ferievikar i heimesjukepleia, og morgonen hadde nett vakna.

Dei gamle var nok vakne for lengst.

På strekket var vegen glatt som glasur, og eg måtte få bilen vekk frå spora.

Elles kunne eg berre gløyma å koma meg heil opp til toppen, og fri meg frå kjensla av ikkje å ha kontroll.

Eg sleit.

Rattet vart lagt svakt til venstre, og eg kjende korleis dekka fekk tak. Litt om litt.

Det gjekk, faktisk.

På toppen vart eg slått av kor stilt det var.

Julemorgon.

Du kjenner kanskje kjensla. At ein på slike dagar er meir til stades i verda.

Fargar vert fagrare. Sansar sterkare. Og kjensler djupare.

Men så mykje snø det var, då.

Knapt nokon hadde teke seg bryet med å fjerna snø frå oppkøyrslene sine.

Forståeleg, det vart vel berre meir av det.

Dessutan, når naboen tek livet med ro, kan naboen ta livet med ro.

Les også

«Første flytur fra nye Flesland, jeg savner den gamle».

I passasjersetet låg lista over kven eg skulle besøka.

Det var all slags oppgåver, men hårmankar var ofte i fokus på dagar som dette.

Lilla, grått, ljost.

Nokre skulle ha krøllar, og det måtte ta den tida det tok. Alle måtte me berre læra oss å forstå.

Andre pleidde å takka ja til ein kam gjennom vått hår, før me saman konkluderte at stasen knapt hadde sett betre ut.

Kan henda me fann ei ekstra fin skjorte i skåpet, også.

Eg gledde meg, det var alltid fint å hjelpa til på dagar som dette.

Men så, i sidesynet såg eg plutseleg ei rørsle.

Brått tok motivet tak i meg, og augo forsvann frå vegen framføre.

Eg såg skjørt, og eg såg leggar, og eg såg eit par med det som likna to kraftige støvlar.

Kva i all verda? Kven i all verda?

Til no hadde eg liksom vore heilt aleine i verda, og der stod denne personen.

Store mengder forsvann i kvart einaste kast.

Det var eit mektig syn. Ja, vakkert var det:

Voss sin synlege transe, som stod der og måka snø i skjørt.

Eg hadde berre høyrt, aldri sett. Motivet av Anne, av Arne.

Den tidlegare sjømannen som aller mest var dame, men som i damebutikken måtte be dei pakka kleda inn. Det var ei gåve.

Lengsla, av noko ein enno ikkje hadde fått opplevd.

Først i løynd, men no, på juledagen, open for alle, og open for seg sjølv.

Eg fekk bilen på vegen att, men aldri om eg kunne gløyma synet.

– Eg har gått med bukser i 68 år, så kan eg ikkje få lov å gå med kjole no, spurte Anne då eg stod i stova hennar eit par år etter.

ANNE: I år vart Anne Ukvitne endeleg Anne på riktig. Ho skifta namn. Her frå Vossevangen.

Eg fekk sjå på ringar og parykkar. Ho har eit par. Og i skåpet finst det langt fleire kjolar enn heime hjå meg.

Neimen om det var enkelt for Arne, og neimen om det gjekk av seg sjølv for Anne. Men det gjekk.

Når ein sjømann kan få vera kvinne i ei lita bygd, seier det noko godt om det samfunnet me alltid må ønskja oss. Der me gjer plass til alle.

Og når Anne vert gammal, skal ho få krøllar i håret, ho også.

Publisert: