– Folk kjem stadig innom verkstaden og spør om å få ta ein slik «selfie»

I neste veke startar innspelinga av National Geographic Channels tredje sesong av «Vinterveiens helter».

KJENDIS «OVER NATTA»: Thord Paulsen frå Odda er eit kjent ansikt over heile verda. – Sjølv når eg er på ferie stoppar folk og spør om eg er han frå «Ice Road Rescue», seier oddingen og ler.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

– Eg er på veg til å møte fotografane no. Dei vil planleggje litt.

Millionar av tv-sjåarar – verda over – skal nok ein sesong få følgje oddingen Thord Paulsen og resten av bilbergarane på jobb gjennom eit knallhardt vinterhalvår.

– Vi fekk grønt lys for ny sesong for berre nokre veker sida. Allereie i går var det første filmteamet på plass i Odda. Og denne gongen var vi ikkje i tvil om at vi skulle seie «ja», seier Paulsen.

Bilbergaren frå Odda fortel at dei var noko i tvil då storkanalen tok kontakt den første gangen, men at dei no er vande med å ha med seg fotografane på tur.

– I starten var det litt rart. Det skjer nokre «stunt» som ikkje er heilt innanfor – som kanskje ikkje skulle vore vist på tv. Og så er det denne banninga då. Når det står på som verst blir ein forbanna, men dei banda vi prøvde og påleggje oss den første sesongen forsvann fort. No er vi oss sjølv 100 prosent og slepp oss heilt laus. Slikt sett er det og meir realistisk, seier Paulsen.

Les også

National Geographic satser på lokale veiulykker

TØFFE FORHOLD: Jo Roger Blengsli frå Overhalla er ein av bilbergarane som gjennom vintersesongen har med seg produksjonsselskapet til «Ice Road Rescue».

Når ut til millionar

150 millionar sjåarar har hatt mogelegheita til å følgje dei norske bilbergarane, Paulsen frå Odda, Bjørn Lægreid frå Eidfjord og far og son Jo Roger og Ole Henrik Blengsli frå Overhalla, på røft norsk vinterføre i to sesongar.

Sidan første sesong blei vist i 2015 og har «Vinterveiens helter» – eller «Ice Road Rescue» som er den engelske tittelen – blitt vist i ein rekke land.

– Vi er veldig stolte over «Vinterveiens helter», og gutane har ei stadig større fanskare som etterspurde nye episodar. Vi er glade for at bilbergarane nok ein gong skal få vist fram det beinharde yrket sitt, seier Anders Borge, norgessjef for FOX Networks Group, eigar av National Geographic.

KJENDIS «OVER NATTA»: – Eg trur folk likar å sjå den røffe norske naturen. Og så er vi jo nokre skruar, seier bilbergar Thord Paulsen om kvifor han trur serien har blitt ein suksess.

– Verst om sommaren

– Det er ein tøff jobb. Kvar dag rykkjer vi ut til sjåførar som er involverte i skremmande og alvorlege ulykker. Vi er alltid førebudd på det verste, fortel Paulsen.

Sjølv meiner han dei mest skremmande og verste ulykkene ikkje skjer på dei glatte vintervegane, men på sommaren.

– Om vinteren er det brøytekantar og snø som kan ta i mot når ulykka først rammar. Det er mest dramatisk om sommaren og ofte heilt kaos. Det er eigentleg det vi skulle filma. Samstundes er naturen og omgivnadene det sjåarane ønskjer å sjå, forklarar Paulsen.

«VINTERHELT»: Den internasjonale tv-kanalen National Geographic har gitt grønt lys for ein tredje sesong av «Ice Road Rescue».

Turistattraksjon i Odda

Thord Paulsen sitt bilbergingsfirma tok nyleg over for konkurrenten i Odda og har dobla arbeidsmengda frå førre sesong.

– Årets sesong blir enda meir ekstrem. No har vi ansvar for Hardangervidda, Haukeli og heile Kvinnherad. Vi gler oss, men det blir ikkje mykje fritid, seier vinterhelten.

Tv-suksessen har ikkje berre vore god for utvidinga av bergingsselskapet. Oddingen er og blitt eit svært kjent fjes.

– Det er heilt kanon! Men eg lar det ikkje påverke på meg. I sommar hadde vi enormt mykje turistar frå heile Europa, som kom innom verkstaden for å ta ein slik «selfie» med meg, seier Paulsen og ler.

Publisert: