Israel kan vinne Eurovision

I dei nordiske landa har debatten gått hardt om Israel burde utestengast frå årets Eurovision. Kanskje vil dei i staden ende opp med å vinne heile greia.

Presset har vore stort for at Israel ikkje burde få delta i MGP. Men viss ein forholdsvis stor minoritet stemmer på dei – anten av politiske grunnar, eller fordi dei likar låta, kan Israel faktisk vinne, skriv Sveinung Rotevatn.
  • Stortingsrepresentant (V), Hordaland
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Då eg stod i publikum under fjorårets Eurovision-finale i Liverpool, var stemninga svært god medan Noa Kirel kom ut på scena.

Den 22 år gamle popsangerinna frå Israel framførte den svært dansbare låta «Unicorn», ein favoritt blant mange, og enda opp med ein respektabel tredjeplass. Musikken stod i fokus.

Det kjem den ikkje til å gjere når Eden Golan går på scena for å framføre årets israelske bidrag. Ho har allereie måtte endre tittelen på låta si frå «October Rain», ein mildt sagt lite subtil referanse til Hamas sitt terroråtak 7. oktober, til det meir nøytrale «Hurricane».

Og presset har vore stort for at Israel rett og slett ikkje burde få delta. I alle fall har debatten i dei nordiske landa vore hard, og over 4000 nordiske artistar har skrive under på eit opprop om boikott.

Ein skal ikkje utelukke at Eden Golan med sin «Hurricane» får fleire tolvpoengar, skriv innsendaren.

Men Norden er ikkje Europa. Noreg er sannsynlegvis det europeiske landet der både politikarar og folk har sterkast sympati med palestinarane si sak. Men i mange europeiske land er framleis støtta til Israel svært sterk, sjølv om den har minska noko i takt med at dei militære overgrepa på Gaza-stripa har blitt vanskelegare å ignorere.

Ein boikott var nok aldri aktuelt. Det skal rett og slett ekstremt mykje til for at land blir utestengt frå Eurovision på politisk grunnlag. Aserbajdsjan gjekk til dømes til fullskala militært åtak på Nagorno-Karabakh i fjor haust og knuste dei armenske separatistane der. Både Aserbajdsjan og Armenia stiller på scena under årets Eurovision.

Det gjer ikkje Russland, som vart utestengt frå deltaking etter fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022 (noko dei ikkje vart etter invasjonen av Krim i 2014). Skilnaden er at det etter fullskalainvasjonen var eit samla Europa som meinte det ville fullstendig øydelegge omdømet til Eurovision å la Russland delta etter at dei hadde gått inn militært for å utslette eit anna deltakarland.

Dessutan meinte Den europeiske kringkastingsunionen EBU, som arrangerer Eurovision, at den russiske medlemskringkastaren i praksis var blitt ein propagandakanal styrt av krigsherren Vladimir Putin.

Sveinung Rotevatn er ein ihuga Eurovision-entusiast.

Så trass i all kritikk som kan og bør rettast mot Israel, stiller dei på scena under årets show. Det er ikkje første gong det har vore kontroversielt. Israel deltok første gong i 1973, og har ofte vore følgt av kontroversar. Både fordi den ulovlege israelske okkupasjonen av palestinsk land har vore ein realitet i alle desse åra, og fordi landet jamleg har stått i kontroversielle krigar.

Kontroversen går likevel begge vegar. Det er mange som stadig spør seg kvifor Israel, eit land Midtausten, i det heile får vere med i ein europeisk musikkonkurranse. Svaret er at EBU har medlemskringkastarar frå fleire land rundt Middelhavet.

Det gjeld for tida både Israel, Algerie, Jordan, Libya, Egypt, Tunisia og Libanon. Så kvifor deltek ikkje dei arabiske landa i Eurovision? Det korte svaret er: Fordi Israel er med. Ved fleire høve har landa ymta frampå om å delta, eller faktisk forsøkt, men blitt utfordra av følgjande krav: Dei må vise det israelske bidraget.

Det er vanskeleg for land som Libanon, der det er lovforbod mot å vise program med israelsk innhald. I 1978 var det fleire arabiske land som sende konkurransen på TV. Men då det vart opplagt at Israel var i ferd med å vinne, valde den jordanske kringkastaren å kutte sendinga – og opplyste dagen etterpå at Belgia hadde vunne.

Den einaste gongen eit av desse arabiske landa har delteke i Eurovision, var 1980 då Marokko var med. Dette året deltok ikkje Israel, sidan landet hadde vunne finalen to år på rad og ikkje hadde råd til å vere vertsnasjon endå ein gong.

Les også

Morten Myksvoll: «Hamas sa dei ville ha fred. Men det viste seg å vere ein bløff.»

At Israelsk deltaking i Eurovision skapar kontroversar, er med andre ord ikkje noko nytt. I år er det likevel grunn til å tru at sinnet vil nå nye høgder. Mange er rasande og fortvila over krigen på Gaza, og vil aldri stemme på landet uansett kor godt bidraget måtte vere. Eg er sjølv éin av dei. Men vi kjem jo berre til å fordele stemmene våre på alle andre land.

Det er tilstrekkeleg for Israel at ein forholdsvis stor minoritet stemmer på dei – anten av politiske grunnar, eller fordi dei rett og slett likar låta. Og ein slik minoritet finst det i mange, mange europeiske land. Vil det vere nok til å sikre tilstrekkeleg mange 12-poengarar for Eden Golan med sin «Hurricane»? Det skal ein i alle fall ikkje utelukke.

I skrivande stund ligg låta på femte plass på bettingselskapa sine lister over kven som vil få flest stemmer av folket, men litt lågare når ein veddar på jurystemmene. Litt nærare svaret kom vi etter å ha sett semifinalane denne veka. Og framleis har ikkje programleiarane i Malmö sagt dei berømte orda: «Europe, start voting now!»

Burde Israel vore utestengd frå årets Eurovision?

Publisert: