Kaos på jernbanestasjonen

KØ: Massevis av familiar samla seg på jernbanestasjonen i Bergen for å ta tog til Vossacup. Mange fortalde BT at dei ikkje torde eller rakk å køyre bil.
  • Det freistar ikkje å køyre bil til Voss lenger, seier Mona Gjesdal Nesse. Familien er ein av svært mange som skal til Voss cup i helga.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

På grunn av raset er E16 stengt mellom Bergen og Voss. 10.000 menneske er forventa å samla seg til Voss cup i helga, og fleire har derfor frykta lange køar på omkøyringsvegane.

Følg biltrafikken direkte her.

Les også

Slik er omkjøringsveiene

Mange familiar satsa derfor heller på tog i 15-tida fredag.

— Eg har ikkje lyst til å køyre bil der meir. Vi har køyrd den strekninga fleire gonger, men no freistar det ikkje, seier Mona Gjesdal Nesse frå Seim i Nordhordland. Saman med trillingane Dina, Simon og Julian (11) skal dei til Voss cup for tredje året på rad.

STRESSANDE: Familien Gjesdal Nesse gler seg til Vossacup trass i kø og ståplass på toget. Mat frå Burger King hjelper på, men også der var det lang kø, seier dei. Frå venstre: Simon, Dina og Julian (11). I midten mor Mona Gjesdal Nesse.

Kampen byrjar klokka 19.00, så dei passa på å vere litt tidleg ute.

Les også:

Les også

Geologen: – Jeg vet ikke hvor mange dager det tar før E16 blir åpnet

— Eg måtte ta meg fri frå jobb, og er litt stressa no, men eg vil nok roe meg ned når vi er på toget, seier Gjesdal Nesse.

Familien vurderte ikkje å droppe cupen då dei høyrde om raset.

— Ungane hadde nok blitt veldig skuffa viss cupen blei avlyst. Det er høgdepunktet dette her, seier ho.

— Kjenst det tryggare med tog?

— Ja, det gjer det. Det er kjempeekkelt med rasfare langs vegane, og særleg så nærme Voss cup. Dei bør absolutt vurdere å leggje tunnel, slår Gjesdal Nesse fast.

TOGREISE: Jentene på Ask fotballag er klare for Vossacup. - Det er siste året vi er med, så vi er glad det ikkje blei avlyst. Natalie Skogen (11) legg bagasjen på plass.

Les også:

Les også

Slik kan ny E16 bygges raskere

Kaos på jernbanestasjonen

Når BT besøkjer Bergen jernbanestasjon i 15-tida, er det fullstendig kaos.

— Køane er som vi forventa. Det er sjeldan vi ser så mykje kø, seier salsvert i NSB, Arild Opsahl.

NSB: - Vi venta mykje kø i 14-15-tida fredag, og det blei som forventa, seier Arild Opsahl.

— Vil alle få plass?- Ikkje alle. Sjølv om vi har sat inn ekstra tog samt ekstra ledd på lokaltoga, vil det bli ståplass og første mann til mølla, seier Opsahl.

Konduktør i NSB, Einar Rosvold, fortel at dei har sat inn ekstra mannskap på NSB denne dagen.

— Det er ikkje uvanleg at vi må sette inn ekstratog, då det ofte rasar langs desse vegane. Men vi merker også pågang ved flystreik og liknande, seier Rosvold.

Les også:

Les også

Hotella i Voss tilbyr gratis overnatting

VENNINNEGJENGEN: Helene Luto (10), Matilde Weidemann (11), Malin Tvedt (11), Frida Bjerved Sørensen (11) gler seg til cup med familiane. Dei synest likevel det er kjekkare å køyre bil enn å måtte ta tog.

— Tenkte tog var lurare

Familien Gjesdal Nesse var ikkje den einaste familien med retning Voss cup denne helga. Familien Vattekar frå Bergen kom i god tid for å få plass på toget til Voss.

— Eg måtte ta fri etter lunsj, seier far Geir Erik Vattekar.

KØVENTING: Familien Vattekar måtte sette bilen att for å rekkje den første Vossacup-kampen klokka 19. Frå venstre: Matilde (9), Geir Erik, tvillingane Lars (7) og Erlend (7), Milla (8) og mor Elisabeth.

Familien Vattekar hadde eigentleg tenkt å køyre, men tenkte at det var lurare med tog for å rekkje den første kampen.

— Vi turte ikkje ta nokon sjanse med tanke på trafikken, då vi høyrde det kunne bli mykje kø, seier Vattekar.

Borna Erlend (7), Lars (7), Matilde (9) og Milla (8) har gleda seg stort til helga.

— Ungane hadde nok blitt veldig leie seg om det blei avlyst, så no gler dei seg veldig, seier han.

Les også:

Les også

Setter inn ekstra togvogner

— Tog kjennest både raskare og tryggare

Også familien Jote valde kollektiv transport framfor bil.

— Vi er førebudd på ståplass, og gler oss for det, seier mor Chu Chu.

GLER SEG: Ethan (6), Olli (10) og Andreas (10) gler seg stort til å spele fotball i helga. Dei synest ras er skummelt, men trur at det er trygt å ta tog.

Det er deira andre tur til Voss cup, og dei skal rekkje kamp klokka 19.

— Tog kjennest både raskare og tryggare, seier ho.

Les også:

Publisert: