Provoserande russelåt måtte fjernast

Russebuss med truende sangtekst retta mot to unge politikere.

HENGT UT: Politiker, Emil Gadolin, vart hengt ut av russen i ny låt. No er songen fjerna.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Utsegn som «Fuck deg, Gadolin, vi vet hvor du bor» og «Du har all grunn til å stresse, vi har sporet opp din kjerrings adresse» har skapt kraftige reaksjoner.

Saken var først omtalt i BA

Mot nedlegginga av Fana gymnas

Songen, som tilhøyrer russegruppa Five Points 2017, vart publisert måndag kveld på musikktenesta Sound Cloud. Etter truande utsegn mot leiar i opplæringsutvalet, Emil Gadolin, er songen fjerna.

Fylkesrådsrådmann Rune Haugsdal fortel til NRK Hordaland at han reagerer sterkt på det han ser på som ein reaksjon på vedtaket om å legge ned Fana gymnas i fjor.

– Me oppfattar dette som sjikane og meiner det kan tolkast som ein trussel, og meiner det er heilt uakseptabelt, sier Haugsdal til NRK.

Kalla inn til møte

Fleire av medlemma i russegruppa er elevar ved Nordahl Greig vidaregåande skule. Tidligare i dag vart vedrørande elevar kalt inn til møte med rektor, Leif Sigurd Danielsen.

– Me i leiinga tykkjar ikkje noko om innhaldet i songen, og bad russegruppa fjerne låta, samt beklage seg ovanfor dei to nemnde politikarane, seier Danielsen.

VART FJERNA: Låta kalla "Five Points HJEMMESNEKK" vart fjerna, fiksa på og lasta opp på nytt.

– Ikkje vondt meint

BA har vore i kontakt med eit av medlemma på bussen.

– Me er lei oss for at innhaldet har støta nokon, det var langt i frå vondt meint. Låta vil bli korrigert og lasta opp på nytt, fortel medlemmet til BA.

Publisert: